Gordon Haskell () er ein engelsk vokalist, låtskrivar og bassist. Han vart først kjend som medlem i det britiske bandet Les Fleur de Lys. Han song på ein av songane på det andre albumet til King Crimson, og spelte bass og song på det tredje albumet deira. Etter han forlet King Crimson heldt han fram musikkarrieren som solomusikar og vart internasjonalt kjend i 2001 med hitsongen «How Wonderful You Are».
Han var skulekamerat av King Crimson-gitaristen Robert Fripp og dei to arbeidde først i lag i ein amatørversjon av Fripp-bandet League of Gentlemen i midten av 1960-åra. Sidan den gong har Gordon Haskell alltid vore i utkanten av det engelske musikkmiljøet. Ein kort periode delte han leilegheit med Jimi Hendrix. Medan han spelte bass i det psykedeliske popbandet Fleur De Lys spelte han inn nokre singlar med gruppa utan særleg suksess. Debutplata til Haskell som soloartist var Sail in My Boat i 1969. Albumet selde dårleg.
Diskografi 1966-1969 - Les Fleur de Lys - Reflections 1969 - Sail In My Boat 1971 - It Is And It Isn't (med John Wetton, Arif Mardin, David Spinozza, Eddie Brigati, David Brigati, et al.) 1979 - Serve At Room Temperature 1992 - Hambledon Hill 1992 - It's Just A Plot To Drive You Crazy 1994 - Voiceprint Radio Sessions 1996 - Butterfly In China 2000 - All In The Scheme of Things 2001 - Look Out 2002 - Shadows On The Wall 2004 - The Lady Wants To Know 2010 - One Day Soon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gordon Haskell» frå , den 12. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad My space
Kategori:King Crimson-medlemmar Kategori:Folk frå Bournemouth Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske songarar