Ytterøy kommune er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag. Kommunen vart slått saman med Levanger kommune 1. januar 1964. Kommunen omfatta ved samanslåinga Ytterøya.
Fram til 1917 heitte kommunen Ytterøen.
I det tidlegare kommunehuset frå 1950-talet er i dag Ytterøy skole.
Kommunehistorikk Ytterøy var eige formannskapsdistrikt frå 1837 og omfatta på dette tidspunktet også Mosvik og Verran.
1. januar 1867 vart kommunen delt i to og Mosvik og Verran skild ut som eigen kommune. Ytterøy hadde 1 499 innbyggjarar etter delinga.
Ytterøy var sjølvstendig kommune fram til han vart slått saman med Levanger 1. januar 1964. Då hadde innbyggjartalet falle til 722.http://www.regjeringen.no/upload/KRD/Vedlegg/KOMM/Kommunesammenslutning/Inndelingsoversikt.pdf
Tidlegare ordførarar 1956-1963 Henrik Sandstad 1938-1955 Ingmar Nøst 1938 Johs. Stavrum 1932-1937 Sofus Vigen 1930-1931 John Vigen 1923-1929 Sofus Vigen 1903-1922 A. Faanes 1895-1902 Peder Sandstad 1885-1894 Anders Møen 1882-1884 Peder Sandstad 1876-1881 John Guldahl 1867-1875 Martinus Barstad
Referansar
Bakgrunnsstoff Arkivmaterile
Kategori:Tidlegare kommunar i Nord-Trøndelag Kategori:Historie i Levanger Kategori:Geografi i Levanger Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964