Bòrd na Gàidhlig er eit offisielt språkråd for det skotsk-gæliske språket i Skottland. Det har base i Inverness og har som uttalt ynske at det skotsk-gæliske språket skal snakkast breitt og vidt.

Om Bòrd na Gàidhlig

Bòrd na Gàidhlig vart gjort til ein offentleg instans etter eit språkvedtak i det skotske parlamentet. Dette vedtaket er kjend som the Gaelic Language (Scotland) Act 2005, og tredte i kraft i februar 2006.

Vedtaket gav tre klåre mål for verksemda til Bòrd na Gàidhlig:

å auka talet på skotsk-gæliske språkbrukarar og læra fleire å forstå det skotsk-gæliske språket, å oppmuntra til større bruk og språkforståing av skotsk-gælisk, å gjera skotsk-gælisk språk og skotsk-gælisk kultur meir tilgjengeleg i Skottland og andre stader.

Styreleiaren og medlemmene i Bòrd na Gàidhlig vart utnemnde av dei skotske ministrane i januar 2006. Rådet har no elleve medlemmer i alt, inkludert formannen. Bòrd na Gàidhlig får aktiv pengestønad frå det skotske parlamentet og må underretta parlamentet om verksemda si. I tillegg til parlamentet samarbeider Bòrd na Gàidhlig med andre gæliske språkorganisasjonar og innbyggjarane i Skottland.

Arbeid

I april 2010 godkjende dei skotske ministrane ein handlingsplan for å auka talet på språkbrukarar i Skottland. Planen har fått namnet Ginealach Ùr na Gàidhlig og tek særleg sikte på å undervisa førskuleborn og å gje støtte til foreldra deira. I tillegg tek planen sikte på å få fleire vaksne til å vilja læra seg skotsk-gælisk, samt å skaffa fleire lærarar som kan undervisa i språket.

I 2012 fekk Bòrd na Gàidhlig sponsa ein ny priskategori under dei skotske utdanningsprisane (Scottish Education Awards), som har blitt utdelt årleg sidan 2001. I 2012 kunne ein for fyrste gong få utdanningsprisen i ein kategori for skotsk-gælisk språk og kultur i læringsprosessen.Skotsk-gælisk språk og kultur i læringsprosessen

Andre keltiske språkorganisasjonar

Bretonsk: Ofis Publik ar Brezhoneg Irsk: Foras na Gaeilge Kornisk: Keskowethyans an Taves Kernewek Manx: Coonceil ny Gaelgey Walisisk: Bwrdd yr Iaith Gymraeg

Kjelder

Om Bòrd na Gàidhlig på den offisielle nettsida deira.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Den skotske regjeringa om Bòrd na Gàidhlig, 22.02.11

Kategori:Skotsk-gælisk kategori:Skipingar i 2006 Kategori:Språkorganisasjonar Kategori:Skotske organisasjonar