Fredrik Kempe () er ein svensk musikar og låtskrivar frå Vårgårda. Han er no busett i Stockholm.
Tidlegare har Kempe delteke i musikalar, m.a. Les Miserables og Chess. I 2002 vart han kjend i Sverige med pop-låta «Vincéro», som blanda techno med operamusikk.
Kempe deltok i Melodifestivalen 2004 med songen «Finally», og prøvde på nytt i 2005 med «Du och jag mot världen» saman med Sanna Nielsen. Den sistnemnte songen enda på ein åttandeplass.
Fredrik Kempe har gjort seg eit stort namn innan låtskriving, særleg i Melodifestivalen. Mellom anna har han skrive låtane «Hero» av Charlotte Perrelli og «Popular» av Eric Saade, som begge vann festivalen og representerte Sverige i Eurovision Song Contest. Også «My Heart Is Yours», som vart framført av norske Didrik Solli-Tangen i Eurovision Song Contest 2010, var skriven av Kempe i samarbeid med Hanne Sørvaag.
Kjelde
Denne artikkelen byggjer på «Fredrik Kempe» frå , den 28. mai 2012.
Kategori:Svenske musikarar Kategori:Svenske låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2004-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2004-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2005-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2005-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2008-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2011-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen-vinnarlåtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2012-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2013-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2008-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2010-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2011-låtskrivarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarlåtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2010-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2014-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2016-låtskrivarar