Engelsk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det engelske språket i Eurovision Song Contest. Den fyrste gongen ein song med engelsk språk vart framført i Eurovision Song Contest var i 1957 då Storbritannia debuterte med «All» av Patricia Bredin. Sidan den gong har 47 land delteke med til saman 534 ulike bidrag som har vorte framført heilt eller delvis på engelsk. 28 bidrag med engelsk tekst har vunne tevlinga. Berre seks av landa som har delteke i tevlinga har ikkje brukt engelsk språk i eitt eller fleire av sine bidrag. Desse landa er Jugoslavia, Serbia, Serbia og Montenegro og Marokko. Av landa som kan delta er engelsk offentleg språk i Storbritannia, Irland og på Malta.
Bidrag