Shine On Brightly er det andre studioalbumet av det britiske bandet Procol Harum, utgjeve i 1968 på selskapa Regal Zonophone og A&M. Albumet var viktig i utviklinga av progressiv rock ved at dei braut alle pop- og rockestandardar med den 17 minuttar lange episke «In Held Twas in I», som markerte starten på dei lange progressive rockesuitane som vart stadig meir vanlege i 1970-åra. Tittelen er ei forkorting der dei har teke første ord frå kvar sats og sett det i saman:

| In || «Glimpses of Nirvana», part 1 |- | Held || «Glimpses of Nirvana», part 2 |- | ′Twas || «′Twas Teatime at the Circus» |- | In || «In the Autumn of My Madness» |- | I || «Look to Your Soul»

Utgjeving

Dei originale britiske og nordamerikanske versjonane av dei to første songane («Quite Rightly So» og «Shine on Brightly») er forskjellige versjonar.

Albumet er kome ut på ny fleire gonger, inkludert i ei ommastra utgåve i 2009 med dei originale 2-spors stereomasterlydbanda og bonnusspor i form av B-sider og alternative opptak. Mange av songane er derimot spelte på ein høgare snøggleik.Procolharum.com Seinare nyutgjevingar har retta opp snøggleiken.

Mottaking

Då det kom ut skreiv Jim Miller for Rolling Stone at han var misnøgd med albumet: «Procol Harum si første utgjeving var generelt meir tilfredsstillande, særleg sidan dette nye albumet syner lite framgang - gruppa har visstnok valt å raffinere tilnærmingsmåten deira og det musikalske resultatet, som vanlegvis er lyttbart, men ikkje alltid interssant.»

Innhald

Medverkande Matthew Fisher - orgel; vokal på «In The Autumn of My Madness», piano på «Grand Finale» Dave Knights - bassgitar B.J. Wilson - trommer Robin Trower - gitar; vokal med Gary Brooker på «Wish Me Well» Gary Brooker - piano og vokal Keith Reid - tekstar

Teknisk Denny Cordell - produsent Tony Visconti - assisterande produsent Tom Wilkes - kunstnarisk leiar George Underwood – design av framsida

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shine on Brightly» frå , den 13. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Procol Harum-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:album produserte av Denny Cordell Kategori:A&M Records-album Kategori:Regal Zonophone Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Album spelte inn i Olympic Sound Studios