Keith Reid () var ein engelsk låtskrivar som skreiv tekstane til dei fleste songane Procol Harum spelte inn. I mange år budde han i USA.
Sjølv om han ikkje song eller spelte instrument for bandet, vart Reid rekna som ein særs viktig del av den langvarige suksessen til bandet i lag med vokalist og låtskrivar Gary Brooker. I lag skreiv dei nesten alle songane til bandet.
Han skreiv òg tekst for debutalbumet til den franske songaren Michel Polnareff i 1966. Reid sette sidan opp sitt eige managementfirma, Full House, arbeidde på eit skodespel og flytta til Manhattan i 1986. Han var òg medlåtskrivar på John Farnham-hitten «You're the Voice», som kom ut i 1986.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Keith Reid» frå , den 12. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Procol Harum.com om Keith Reid Procol Harum-tekstar av Keith Reid
Kategori:Folk frå Welwyn Garden City Kategori:Procol Harum-medlemmar Kategori:Engelske låtskrivarar