Bindningsenergi er den energien som blir frigjort når eit system av frie partiklar hamner i ein bunden tilstand, einskilde gonger med motsett forteikn avhengig av konvensjonar. Bindingsenergi blir først og fremst nytta innan atom- og kjernefysikken.
Kjernefysikk mini|Bindningsenergi per nukleon i MeV for vanlege nuklider som funksjon av massetal Proton og nøytron er bundne i atomkjernar gjennom sterk vekselverknad. Skilnaden i bindingsenergi mellom sluttnukleid og startnukleid er kjelda til energiforvandlinga i stjerner og i kjernekraftverk. Atomkjernane sine bindingsenergiar avheng av mengda nøytron og proton. For store mengder partiklar kan avhengigheita skildrast av Bethe-Weizsäcker-formelen. Jarn har høgast bindingsenergi. Det tyder at energi blir frigjort når ein forvandlar atomkjernar slik at dei nærmar seg dei stabile jernnuklidane i atomnummer og massetal. Difor kan ein få energi frå fisjon av tunge grunnstoff og gjennom fusjon av lette grunnstoff.
Sjå òg Ioniseringsenergi Kjemisk binding Kjerneenergi Kjernereaksjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bindningsenergi» frå , den 9. mai 2012.
Kategori:Kjernefysikk Kategori:Energi i fysikk Kategori:Massespektrometri