Long Distance Voyager er det tiande albumet til det britiske rockebandet The Moody Blues, utgjeve i mai 1981. på selskapet til gruppa, Threshold. Det var det første albumet til bandet med klaverspelaren Patrick Moraz, som erstatta Mike Pinder, som forlet bandet under innspelinga av Octave i 1978.

Då albumet kom ut i 1981 gjekk det heilt til topps i USA og inneheldt hitsinglane «Gemini Dream» (12. plassen i USA) og «The Voice» (15. plassen i USA). Albumet nådde sjuandeplass i Storbritannia.

I november 2008 vart albumet nymastra og gjeven ut på CD med eitt bonusspor.

Oversyn Songane på Long Distance Voyager vart spelte inn i bandet sitt eige studio, Threshold Studios. Songane vart spelte in og miksa av Greg Jackman, medan Pip Williams var produsent. I tillegg til sjølve bandet - Justin Hayward, John Lodge, Ray Thomas, Graeme Edge og Patrick Moraz — nytta dei strykarar framført av The New World Philharmonic, som Pip Williams arrangerte.

Long Distance Voyager er berre dels eit konseptalbum, sidan berre halvparten av songane omhandlar "reisa" tittelen syner til. Dei siste tre spora utgjer ein mini-suite.

Plateomslaget var eit måleri frå Arts Union Glasgow. NASA-sonden Voyager er øvst på framsida av plateomslaget. Både Voyager 1 og Voyager 2 var i avisene på den tida då dei flydde forbi Saturn i 1980-81.

Innhald

Medverkande Justin Hayward – vokalar, gitarar John Lodge – vokal, bass Ray Thomas – vokal, fløyter, munnspel Graeme Edge – trommer Patrick Moraz – tangentinstrument B.J. Cole – pedal steel gitar på «In My World» Pip Williams – produsent, strykearrangement The New World Philharmonic – strykeseksjon

Lister Album Liste (1981)PlasseringCanada1Tyskland28Nederland16New Zealand8Noreg12Sverige46Storbritannia7USA Billboard 2001

Singlar TittelListe (1981)Plassering«Gemini Dream»US Billboard Hot 10012US Hot Dance Club-songar36US Hot Mainstream Rock Tracks13«The Voice»US Billboard Hot 10015US Hot Mainstream Rock Tracks1«Talking Out of Turn»US Billboard Hot 10065

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Long Distance Voyager» frå , den 8. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Threshold Records-album Kategori:Album spelte inn i RAK Studios