The Magnificent Moodies er debutalbumet til The Moody Blues frå 1965, først gjeven ut i Storbritannia og det første og einaste albumet deira med besetninga som bestod av gitarist Denny Laine, bassist Clint Warwick, tangentspelar Mike Pinder, fløytist–perkusjonist Ray Thomas og trommeslagar Graeme Edge. Laine og Thomas delte på å synge. Albumet er ei samling av R&B og Merseybeat-aktige songar, inkludert ein versjon av «Go Now», produsert av Alex Wharton, som hadde gått til topp på singellista tidlegare det året. For den amerikanske utgåva (kalla Go Now – The Moody Blues #1), vart fire songar erstatta og rekkefølgja var annleis.
Albumet nådde ikkje Record Retailer/Music Week-lista, sjølv om det nådde 5. plass i august 1965 på albumlista til New Musical Express. Den amerikanske versjonen nådde ikkje albumlista der.
Laine og Warwick forlet gruppa i 1966, og vart erstatta av gitarist Justin Hayward og bassist John Lodge.
På høgda av den amerikanske suksessen til Moody Blues i 1970 gav Deram Records ut den amerikanske versjonen av albumet på ny med nytt omslag og tittelen In The Beginning (Deram DES-18051). Heller ikkje denne versjonen gjekk inn på listene.
I 1985 gav Intermediate Records ut albumet på vinyl og kassett som Go Now med ei blanding av songar frå dei originale britiske og amerikanske versjonane, i tillegg til songar som etter kvart enda opp som bonusspor på CD-utgåva. Decca Records gav først ut The Magnificent Moodies på CD i 1988 med 13 bonusspor. Repertoire Records gav ut ein forkorta utgåve av denne CDen i 1990-åra med berre sju bonusspo. I 2006 vart CDen gjeven ut på ny, denne gongen med 14 bonusspor, inkludert den sjeldne «People Gotta Go», som ikkje var på utgåva frå 1988.
Innhald
Britisk versjon
Amerikansk versjon (Go Now - The Moody Blues #1)
Medverkande Denny Laine – gitarar, munnspel, vokal Mike Pinder – piano, orgel, vokal Clint Warwick – bassgitar, vokal Ray Thomas – perkusjon, fløyter, vokal Graeme Edge – trommer, perkusjon, vokal Andre musikarar Elaine Caswell – perkusjon
Teknisk Denny Cordell - produsent A. Wharton - produsent («Go Now») Nicholas Wright - fotograf (britisk utgåve) Shirley Scott-James - designer (britisk utgåve) Donovan, Virginia Ironside - notat (britisk utgåve)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Magnificent Moodies» frå , den 4. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1965 Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Decca Records-album Kategori:Album produserte av Denny Cordell