Tiransundet (arabisk مضيق تيران, Maḍīq Tīrān) er dei smale sunda mellom Sinaihalvøya og Den arabiske halvøya i innlaupet til Akababukta frå Raudehavet. Avstanden mellom dei to halvøyane er kring 13 km. Tiransundet er kalla opp etter Tiran som ligg i innløpet 5-6 km frå Sinai, der Multinational Force and Observers har ein observasjonspost for å overvake at Egypt opprettheld trygg sjøfart i sunda slik det vart avtalt i den israelsk-egyptiske fredsavtalen.

Sanafir ligg aust for Tiran, søraust for det grunne sundet mellom Tiran og Saudi-Arabia, ei øy som høyrer til Saudi-Arabia, men som blir administrert av Egypt.

Sjøvegen inn til den einaste hamnebyen i Jordan, Aqaba og den einaste hamnebyen til Israel ved Raudehavet, Eilat, går gjennom Tiransunda.Robert Priewasser, Tiran Island and Straits of Tiran. Unexplained Sovereignty over an Island in the Context of the Arab-Israeli Conflict (Saarbrücken: Akademikerverlag, 2013) 90 % av den israelske olja passerte gjennom Tiransunda. Tiransundet er derfor strategisk viktig for sjøfarten i både Egypt, Jordan, Israel og Saudi-Arabia. Den utløysande faktoren for seksdagarskrigen i 1967 var at Egypt sperra Tiransundet for israelske skip på veg til eller frå Eilat.

Eit prosjekt for å byggje ei 15 km lang bru over sundet mellom Egypt og Saudi-Arabia er under vurdering av dei egyptiske styresmaktene.Najla Moussa. «Bridge connecting Egypt, Saudi-Arabia considered» . Daily News Egypt. 2. mars 2006.

Sjå òg Sanafir Tiran

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Tiransundet» frå , den 29. desember 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Egyptisk geografi Kategori:Saudiarabisk geografi Kategori:Sund i Asia Kategori:Sund i Afrika Kategori:Den egyptisk-saudiarabiske riksgrensa Kategori:Internasjonale sund