1740 (romartal MDCCXL) var eit skotår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen, som var 11 dagar seinare.

mini|Gravering av Bataviamassakren av A. van de Laan.

Hendingar Pågåane konfliktar: Krigen om øyra til Jenkins Uår førte til dårlege avlingar i Europa, og den irske hungersnauden 1740-41 braut ut.

mini|'Venus' triumf' eller 'Venus' fødsel'. Rokokkomåleri frå 1740 av François Boucher. Utlandet 31. mai: Fredrik II (den store) blei konge av Preussen etter far sin, Fredrik Wilhelm I. 11. juli: Jødar blei utsette for ein pogrom og utviste frå Litle-Russland.

17. august: Prospero Lambertini vart vald til pave og tok namnet Benedikt XIV. 9.-22. oktober: Bataviamassakren. Soldatar frå Det nederlandske austindiakompaniet, innfødde grupper og slavar drap 10 000 eller meir kinesiske indonesarar i Batavia.

20. oktober: Under Den pragmatiske sanksjonen av 1713 arva Maria Teresia av Austerrike herredømet over alle områda styrte av habsburgmonarkiet (Austerrike, Bøhmen, Ungarn og dagens Belgia). Ein kvinneleg arving til det tysk-romerske riket møtte kraftig motstand. 16. desember: Den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut då Preussen under Fredrik II invaderte det Habsburg-kontrollerte Silesia.

Noreg

Fødde

15. februar: Carl Michael Bellman, svensk diktar 9. mai: Giovanni Paisiello, italiensk komponist 28. august: Johan Tobias Sergel, svensk kunstnar

mini|Portrett av keisarinne Anna frå 1740. Døde

31. mai: Fredrik Vilhelm I av Preussen 20. oktober: Karl VI av Det tysk-romerske riket 28. oktober: Anna, russisk keisarinne

Kjelder