Erobringa av Vigo skjedde i 1719 under kvadrupelalliansekrigen då eit britisk tokt gjekk i land på kysten av Spania og erobra Vigo. Dei okkuperte byen i ti dagar før dei trekte seg attende. Toktet vart kommandert av Lord Cobham med marinestyrkar kommandert av viseadmiral James Mighels.

Styrkane gjekk lenger inn i landet så langt som til Pontevedra. Toktet vart utført som ein hemnaksjon for den spanske involveringa i jakobittopprøret, der spanske soldatar hadde gått i land i Skottland og vart slått i slaget ved Glen Shiel.Rodger s.229 Toktet var òg meint for å demonstrere for spanjolane at dei allierte styrkane lett kunne slå til langs den sårbare kystlinja deira, og var koordinert med eit fransk åtak aust i SpaniaSimms p.141, i håp om at dette ville tvinge Spania til forhandlingsbordet. Spanjolane forstod kor sårbare dei var og dei allierte kunne opne ein ny front, borte frå den franske grensa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Capture of Vigo» frå , den 19. april 2012. oppgav desse kjeldene: Rodger, N.A.M. The Control of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815. Penguin Books, 2006. Simms, Brendan. Three Victories and a Defeat: The Rise and Fall of the First British Empire. Penguin Books, 2008. Fernández Duro, Cesáreo. Armada española desde la unión de los reinos de Castilla y de León, tomo VI. Sucesores de Rivadeneyra, 1902.

Kategori:Britiske slag Kategori:Spanske slag Kategori:Slag i kvadrupelalliansekrigen