Tone Aslaksdotter Aarak () var ein norsk forfattar og lærar.
Ho var fødd i Rauland, men familien flytte til garden Tonne i Nesland då ho var i sjuårsalderen, og før ho gifte seg brukte ho namnet Tone Tonne. Som vaksen budde ho i Nissedal.
Ho debuterte som forfattar 58 år gamal i 1942 med Siste par ut, og sidan kom det fire bøker til. Framand kar kjem til gards frå 1949 er ein kriminalroman med handlinga bygd på ei drapssak frå tidleg på 1800-talet på garden Bratterud i Eidsborg. Boka fekk god kritikk, og kom i nytt opplag i 2011.
Bøker 1942 – Siste par ut – roman 1943 – Stundom skin sola – roman 1945 – Skuggar og solskinn – roman 1949 – Framand kar kjem til gards – kriminalroman 1955 – Liv – barnebok
Referansar
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Tone Aarak hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Tone Aarak i Biblioteksøk Halvor J. Sandsdalen: «Tone Aarak kan takke eit beinbrot for at ho vart forfattarinne» i Jol i Telemark 1960
Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Folk frå Nissedal Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1942 Kategori:Nynorskforfattarar