Nagorno-Karabakh-krigen var ein krig som fann stad frå 1988 til 1994 i den vesle enklaven Nagorno-Karabakh i det sørvestlege Aserbajdsjan. Partane i konflikten var etniske armenarar i Nagorno-Karabakh, støtta av Armenia, og Aserbajdsjan, støtta av mujahedin frå Tsjetsjenia og Afghanistan. I 1988 erklærte det nyleg oppretta parlamentet i enklaven at dei ønskte å slutte seg til Armenia. Avgjersla vart boikotta og fordømd av den aserbajdsjanske folkesetnaden i enklaven, og ei folkeavstemming vart halden der majoriteten stemde for sjølvstende. Dette førte til auke valdshandlingar mellom dei etniske gruppene, der begge sider skulda den andre for å drive med etnisk reinsing.

Når Aserbajdsjan erklærte seg sjølvstendig frå Sovjetunionen, erklærte landet at Nagorno-Karabakh ikkje skulle få halde det sjølvstyret dei hadde hatt under sovjetisk styre. Dette førte til krigsutbrotet vinteren 1991. Våren 1992 okkuperte Armenia den såkalla Lachin-korridoren, landområdet som ligg mellom Nagorno-Karabakh og Armenia. Aserbajdsjan nytta seg av bølgjer av soldatar, og hadde forholdsvis store menneskelege tap. Menn helt ned i 16-årsalderen, fullstendig utan militær erfaring, vart kalla inn til militærteneste. Internasjonale initiativ feila i løyse konflikten på ein måte som begge parter kunne godta. Våren 1993 gjennomførte Armenia eit åtak på Nakhitsjevan, noko som førte til at Tyrkia truga med å blande seg inn. Russland stilte derfor opp styrkar langs den armenske grensa til Tyrkia, og sørgde på den måten for at Tyrkia ikkje gjekk inn i krigen. Når armenske styrkar erobra landområde langs den offisielle grensa mellom Aserbajdsjan og Iran, gjennomførte Iran ei åtvarande mobilisering. Trass i potensiell risiko, eskalerte krigen aldri til å bli ein storstilt regional konflikt, og ingen land intervenerte på vegner av nokre av partane mot den andre. I slutten av 1994 kontrollerte armenarane nesten heile enklaven og 9 prosent av ytterleg aserbajdsjansk territorium. Mot slutten av krigen vart det gjort opprør i Aserbajdsjan mot president Abülfaz Elçibay, og tropper vart fjerna frå frontlinja for å delta i kampane. Ofte førte dette til at armenarane kunne erobre heile byar utan å avløyse eit einaste skot. Den aserbajdsjanske presidenten vart til slutt styrta, og det nye regimet gjekk med på å forhandle om ein våpenkvile.

Så mange som 230 000 armenarar frå Aserbajdsjan og 800 000 aserbajdsjanarar frå Armenia og Karabakh vart forflytta som følgje av krigen. Russland framforhandla ein våpenkvile i mai 1994, og sidan då har det pågått stadige fredsforhandlingar som ikkje har lukkast. Aserbajdsjanske trugslar om å gjenerobre enklaven, samt trefningar langs fronten har medverka til å gjere konflikten til eit potensielt risikofelt for ein regional konflikt. Så seint som i 2012 var det fleire mindre grensetrefningar mellom partane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nagorno-Karabakh-krigen» frå , den 13. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Aserbajdsjanske krigar Kategori:Armenske krigar Kategori:Krigføring etter 1945 Kategori:Konfliktar i 1988 Kategori:Konfliktar i 1989 Kategori:Konfliktar i 1990 Kategori:Konfliktar i 1991 Kategori:Konfliktar i 1992 Kategori:Konfliktar i 1993 Kategori:Konfliktar i 1994 Kategori:1980-åra i Aserbajdsjan Kategori:1990-åra i Aserbajdsjan Kategori:1980-åra i Armenia Kategori:1990-åra i Armenia