Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke elleve gongar. Tsjekkia er blant landa med dei dårlegaste resultata i tevlinga; berre tre gongar har Tsjekkia kvalifisert seg til finalen. Tsjekkia har òg komme sist i semifinalen to gongar. Den beste plasseringa til Tsjekkia i Eurovision Song Contest er ein sjetteplass frå 2018.
Historikk Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, som det siste av dei sentraleuropeiske landa; nabolanda Polen og Slovakia debuterte allereie i 1994. Det er den tsjekkiske allmennkringkastaren Česká televize (ČT) som sender tevlinga i Tsjekkia, og som vel artist og song som skal representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest. I debuten fekk Tsjekkia den verst tenkelege starten, då gruppa Kabát kom heilt sist i semifinalen med songen «Malá dáma». Året etter kom Tsjekkia nest sist i sin semifinale, og i 2009 kom Tsjekkia heilt sist i semifinalen utan eit einaste poeng. Dei elendige resultata gjorde at Tsjekkia trakk seg frå Eurovision Song Contest i 2010 og skulda på liten interesse blant tsjekkarane og låge sjåartal.
Returen Fråværet varte i fem år, og i 2015 var Tsjekkia tilbake igjen i Eurovision Song Contest. Artistane Marta Jandová og Václav Noid Bárta vart valde internt av ČT til å representere landet med songen «Hope Never Dies». Heller ikkje denne gongen klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen, men songen vart nummer 13 i semifinalen med 33 poeng - langt betre enn tidlegare resultat.
I 2016 lukkast det omsider Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Gabriela Gunčíková og songen «I Stand». Men deira fyrste finaledeltaking vart lite suksessrikt: «I Stand» fekk ikkje eit einaste poeng i telefonavrøystinga, og juryane gav songen 41 poeng. Det førte til at Tsjekkia kom nest sist i finalen med 41 poeng.
I 2018 klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen for andre gong. På førehand hadde det tsjekkiske bidraget vore blant favorittane til å vinne Eurovision Song Contest, og Mikolas Josef og songen «Lie to Me» kvalifiserte seg til finalen og endte til slutt på ein sjetteplass – det klart beste resultatet til Tsjekkia til no. Også i 2019 lukkast Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Lake Malawi og songen «Friend of a Friend».
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2007 Kabát «Malá dáma» Tsjekkisk colspan=2 rowspan=4 1 28 2008 Tereza Kerndlová «Have Some Fun» Engelsk 9 18 2009 Gipsy.cz «Aven Romale» Engelsk 0 18 2015 Marta Jandová og Václav Noid Bárta «Hope Never Dies» Engelsk 33 13 2016 Gabriela Gunčíková «I Stand» Engelsk 41 25 161 9 2017 Martina Bárta «My Turn» Engelsk colspan=2 83 13 2018 Mikolas Josef «Lie to Me» Engelsk 281 6 232 3 2019 Lake Malawi «Friend of a Friend» Engelsk 157 11 242 2 Benny Cristo «Kemama» Engelsk colspan="4" 2021 Benny Cristo «Omaga» Engelsk og tsjekkisk colspan=2 23 15 2022 We Are Domi «Lights Off» Engelsk 38 22 227 4 2023 Vesna «My Sister's Crown» Engelsk, bulgarsk, tsjekkisk og ukrainsk 129 10 110 4 2024 Aiko «Pedestal» Engelsk rowspan=2 colspan=2 38 11 2025 Adonxs «Kiss Kiss Goodbye» Engelsk 29 12 2026 «» Engelsk
Galleri
Røystehistorikk Finalane
+ Tsjekkia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 66 02 60 03 58 04 51 05 46
+ Tsjekkia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 26 02 24 03 23 04 22
Semifinale
+ Tsjekkia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 49 02 44 03 41 04 39 05 34
+ Tsjekkia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 52 02 47 03 40 04 38
Referansar
Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Tsjekkia i Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Tsjekkia i Eurovision Song Contest» frå , den 4. oktober 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest