Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan) er eit land i Kaukasusområdet i Eurasia. Landet grensar til Kaspihavet i aust, den russiske republikken Dagestan i nord, Georgia i nordvest, Armenia og Tyrkia i sørvest og Iran i sør. Innbyggjarane i Aserbajdsjan er etnisk varierte, men flesteparten er aserbajdsjanarar, eit tyrkisk folkeslag som utgjer om lag 9 millionar menneske i den sjølvstendige republikken Aserbajdsjan.
Under medisk og persisk styre tok mange kaukasiske albanarar til seg parsismen og konverterte så til kristendomen før dei muslimske arabarane og dei meir viktige muslimske tyrkarane tok over. Tyrkarane trur ein kom i små grupper av ghazi-krigarar som erobra området og tyrkifiserte innbyggjarane, som tok til å snakke tyrkiske språk og konverterte til islam i løpet av ein periode på fleire hundreår.Seyahatname av Evliya Çelebi (1611–1682)
Etter meir enn 80 år under Det russiske imperiet, vart Den aserbajdsjanske demokratiske republikken grunnlagd i 1918. Staten vart invadert av sovjetiske styrkar i 1920 og vart verande under sovjetarane fram til Sovjetunionen braut saman i 1991.
Førhistorie Eldre steinalder Grotta Azykh i området Fizuli i Aserbajdsjan vert rekna som ein av dei eldste busetnadane til proto-mennesket i Eurasia. Ein har funne restar etter før-acheuléenkulturen i dei nedre laga av grotta. Kulturen er ein av dei eldste, og på mange måtar lik Olduvai-kulturen i Tanzania, og Lascaux-kulturen søraust i Frankrike.
Frå eldre steinalder har ein i Aserbajdsjan funn frå Aveidag, Taglar, Damjily, Yatagery, Dash Salakhly og somme andre stader. Utskjeringane i steinane i Qobustan, sør for Baku, syner scener frå jakt, fiske, arbeid og dans, og er datert til mellomsteinalderen.
Nyare forsking har indikert av Edens hage har vore mindre metaforisk enn tidlegare trudd. Arkeolog David Rohl har følgd fleire geografiske referansar i Første Mosebok til verkelege stader i det sørlege Aserbajdsjan, nærare bestemt Aji-dalen kring det moderne Tabriz i Iran.
Yngre steinalder Yngre steinalder (ca. 5000-talet–3000-talet fvt.) var ein overgangsperiode frå steinalderen til bronsealderen. Det er funne mange busetnader frå yngre steinalder i Aserbajdsjan, og frå karbondaterte gjenstandar i denne perioden har ein vist at folk bygde heimar, lagde våpen av kopar og var kjende med vatningsjordbruk.
Bronse- til jernalderen Påverknaden frå gamle folkeslag og sivilisasjonar, som sumerarane og elamittane møttest i området kring Aserbajdsjan. Mange forskjellige kaukasiarar ser ut til å vere dei tidlegare innbyggjarane i Sør-Kaukasus og kaukasiske albanarar ser ut til å ha vore mest dominerande.
På 700-talet fvt. slo dei halvnomadiske kimmeriane og skytarane seg ned i området til Kongedømet Mannai. Assyrarane hadde òg ein sivilisasjon som blømde vest for Urmiasjøen i fleire hundreår før Media og Albania, som ikkje må forvekslast med Albania på Balkan, vart oppretta. Dei fleste dokument og inskripsjonar frå antikken som vert nytta til historiske analysar av området, kjem frå assyrarane og frå kongedømet Urartu. For den antikken historia til Aserbajdsjan, nyttar dei fleste vestlege historikarar greske, arabiske, romerske og persiske kjelder. mini|venstre|Media-riket. Ein trur at albanarane var dei første innbyggjarane i Aserbajdsjan.Historical Dictionary Tidlege innflyttarar var mellom andre folk frå Skythia på 800-talet fvt.Aserbajdsjan – US Library of Congress Country Studies. Sør-Kaukasus vart etter kvart erobra av akamenidane kring 550 fvt. I denne perioden spreidde parsismen, læra til Zarathustra, seg i Aserbajdsjan. Akamenidane vart slått av Aleksander den store i 330 fvt. Etter at selevikdane vart svekka i Persia i 247 fvt. tok eit armensk kongedøme kontroll over delar av det moderne Aserbajdsjan mellom 190 fvt. og 428 evt."Armenia-Ancient Period" – US Library of Congress Country StudiesStrabo, "Geography" – Perseus Digital Library, Tufts University. Kaukasiske albanarar grunnla eit kongedøme i det første hundreåret fvt. og vart i stor grad verande sjølvstendige fram til sasanidane danna ein provins av kongedømet i 252 evt.Historical Dictionary s. 38James Stuart Olson. An Ethnohistorical Dictionary of the Russian and Soviet Empires. ISBN 0313274975Encyclopaedia Britannica: The list of provinces given in the inscription of Ka'be-ye Zardusht defines the extent of the empire under Shapur, in clockwise geographic enumeration: (1) Persis (Fars), (2) Parthia, (3) Susiana (Khuzestan), (4) Maishan (Mesene), (5) Asuristan (southern Mesopotamia), (6) Adiabene, (7) Arabistan (northern Mesopotamia), (8) Atropatene (Aserbajdsjan), (9) Armenia, (10) Iberia (Georgia), (11) Machelonia, (12) Albania (eastern Caucasus), (13) Balasagan up to the Caucasus Mountains and the Gate of Albania (also known as Gate of the Alans), (14) Patishkhwagar (all of the Elburz Mountains), (15) Media, (16) Hyrcania (Gorgan), (17) Margiana (Merv), (18) Aria, (19) Abarshahr, (20) Carmania (Kerman), (21) Sakastan (Sistan), (22) Turan, (23) Mokran (Makran), (24) Paratan (Paradene), (25) India (probably restricted to the Indus River delta area), (26) Kushanshahr, until as far as Peshawar and until Kashgar and (the borders of) Sogdiana and Tashkent, and (27), on the farther side of the sea, Mazun (Oman) Den albanske herskaren, kong Urnayr, innførte offisielt kristendomen som statsreligion på 300-talet og Albania vart verande ein kristen stat fram til 700-talet."Albania" – Encyclopaedia Iranica, vol. I, s. 807."Voices of the Ancients: Heyerdahl Intrigued by Rare Caucasus Albanian Text" by Dr. Zaza Alexidze – Aserbajdsjan International, Summer 2002 Sasanid-kontrollen enda då dei vart slått av dei muslimske arabarane i 642."Islamic Conquest."
Den påfølgjande folkevandringa til dei eurasiatiske og sentralasiatiske nomadane heldt fram i eit kjent mønster i historia til Kaukasus sidan antikken, frå tida kring Sasanid-persarriket til dei aserbajdsjanske tyrkarane på 1900-talet. Av dei iranske nomadane som drog til og frå Aserbajdsjan finn ein skytarane, alanane og kimmerianane. Altaiske nomadar som khazarar og hunarar var òg innom området. Murane og festningsverka i Darband vart bygde kring tida til sasanidane for å hindre nomadane i å gå over fjellovergangane i Kaukasus. Nomadane slo seg derimot ikkje ned for godt i området.s. 385–386
Antikken
Akamenidane og selevikdane mini|300px|Akamenide-riket på det største. Etter at Media-riket fall, vart heile dagens Aserbajdsjan invadert av den persiske kongen Kyros den store på 500-talet fvt. Dette første persiske riket hadde stor innverknad på den lokale folkesetnaden, sidan religionen parsismen steig fram. Mange av dei lokale albanarane vart kjende som eld-dyrkarar, som kan ha vore eit teikn på parsisk tru, som set heilag eld svært høgt. Zarathustra, grunnleggjaren av religionen, kan ha vore inspirert av dei brennande gassane som siv ut av jordoverflata i området kring dagens Baku.
Dette riket var ganske kortvarig og vart erobra berre to hundreår seinare av Aleksander den store og førte til at den hellenistiske kulturen steig fram gjennom heile det tidlegare persiske riket. Selevkidiske grekarar tok over Kaukasus etter at Aleksander døydde i 323 fvt, men vart etter kvart angripen av press frå Roma, lausrivande grekarar i Baktria, og partarar, eit anna nomadisk iransk folk frå Sentral-Asia, som gjorde store innhogg i dei nordaustlege selevkid-områda frå seint på 300-talet fvt. til 200-talet fvt. og dette førte til slutt at dei lokale kaukasiske folka kunne opprette eit sjølvstendig kongedøme for første gong sidan den mediske invasjonen.
Albania, romersk-partisk rivalisering og sasanidisk erobring mini|Romersk inskripsjon i Qobustan
Det albanske kongedømet, som ikkje må forvekslast med dagens Albania på Balkan, oppstod kring eit kaukasisk folk og vart ein unik stat omringa av store imperium. I det andre og første hundreåret fvt. tok armenarane gradvis over meir og meir av dei albanske områda i sør og erobra områda Karabakh og Utik, som var folkesett av fleire albanske folkegrupper, som idi-folket, gargarianar og kaspiar.Hewsen, Robert H., Ethno-History and the Armenian Influence upon the Caucasian Albanians, in: Samuelian, Thomas J. (Hg.), Classical Armenian Culture. Influences and Creativity, Chico: 1982, 27–40.Vladimir Minorsky. A History of Sharvān and Darband in the 10th–11th Centuries. På denne tida gjekk grensa mellom Albania og Armenia langs elva Kura.Sjå Strabo, Geography, 11.5 (engelsk utg. H.C. Hamilton, Esq., W. Falconer, M.A.); også Pliny the Elder, The Natural History, (red. John Bostock, Henry Thomas Riley).Hewsen, Robert H. Armenia: a Historical Atlas. Chicago, Illinois: University of Chicago Press, 2001
Regionen vart ein krigsskodeplass for romarane og partarane og det meste av Albania vart underlagt dei romerske legionane til Pompeius, medan dei sørlege områda var kontrollerte av Partia. Ein steininskripsjon av det ein meiner er den austlegaste bevarte romerske inskripsjonen finst like sørvest for Baku ved Gobustan. Han vart skriven av Legio XII Fulminata under keisar Domitian.
Etter delinga av Armenia mellom Austromarriket og Persia i 387 evt, fekk dei albanske kongane attende kontrollen over provinsane Uti og Artsakh (sør for Kura), då dei sananianske kongane gav desse til dei albanske Arsakid-herskarane mot betaling til Persia.M. Chaumont, "Albania, Ancient country in Caucasus" Encyclopaedia Iranica
mini|Sasanidisk sølvskive frå Shamakhi, (Aserbajdsjansk historiske nasjonalmuseum). Historikarar frå mellomalderen, som Movses Khorenatsi og Movses Kaghankatvatsi, skriv at albanarane konverterte til kristendom på 300-talet etter at Gregorius opplysaren frå Armenia forkynna i landet.Moses Khorenatsi. History of the Armenians, translated from Old Armenian by Robert W. Thomson. Harvard University Press, 1978Movses Kalankatuatsi. History of the Land of Aluank, translated from Old Armenian by Sh. V. Smbatian. Yerevan: Matenadaran (Institute of Ancient Manuscripts), 1984 Kristendomen spreidde seg berre gradvis i Albania, og ein stor del av albanarane vart verande parsiar og heidningar fram til den islamske erobringa.
Mellomalderen Islamsk erobring 225px|mini|Tida til kalifane.
Muslimske arabarar slo sasanidane og austromarane då dei marsjerte inn i Kaukasus-området. Arabarane gjorde Albania til ein vasallstat etter at den kristne motstanden, leia av prins Javanshir, overgav seg i 667.Historical Dictionary s. 71 Mellom 800- og 900-talet byrja arabiske forfattarar å omtale regionen mellom elvane Kura og Aras som Arran.Historical Dictionary s. 20 På denne tida kom arabarar frå Basra og Kufa til Aserbajdsjan og erobra landområda som dei innfødde folka hadde reist frå.
Seldsjukkane og etterfølgjande statar
Seldsjukk-tida i aserbajdsjansk historie var truleg enno viktigare enn den arabiske erobringa, sidan det var med på å forme den etno-språklege nasjonaliteten til dei moderne aserbajdsjanske tyrkarane.
Etter at Abbasid-kalifatet vart svekka, vart Aserbajdsjan i tur og orden underlagt mange dynasti som salaridane, sajidane, shaddadidane, rawadidane og buyidane. Frå byrjinga av 1000-talet vart området gradvis erobra av bølgjer av Oghuz-tyrkiske folk frå Sentral-Asia. Det første av desse tyrkiske dynastia var ghaznavidane frå det nordlege Afghanistan, som tok over delar av Aserbajdsjan i 1030. Dei vart etterfølgd av seldsjukkane, ei vestleg grein av Oghuz som erobra heile Iran og Kaukasus og pressa inn i Irak, der dei styrta buyidane i Bagdad i 1055.
Seldsjukkane vart hovudherskarane i det enorme riket som omfatta heile Iran, Irak og Aserbajdsjan fram til slutten av 1100-talet. I seldsjukk-tida skal den viktige vesiren av seldsjukk-sultanane Nizam ul-Mulk ha innført mange reformer innan utdanning og byråkrati. Det var etter han døydde i 1092 at den velorganiserte seldsjukk-staten byrja å svekkast. Dette vart forsterka då sultan Ahmad Sanjar døydde i 1153.