Avvik får ein i mekanikk når ein lekam fell fritt. Han vil ikkje treffe bakken i eit punkt som ligg loddrett under utgangspunktet, men litt aust for dette. Lekamen deltar nemleg i jordrotasjonen. Før fallet har han større snøggleik frå vest mot aust enn jordoverflata rett under han, fordi det er lenger frå omdreiingsaksen til jorda. Under fallet beheld lekamen denne snøggleiken og får derfor eit avvik mot aust. Avviket er størst ved ekvator og minkar til null ved polane. Det er påvist og målt ved forsøk og er eit bevis for jordrotasjonen.
Kjelder
Kategori:Klassisk mekanikk