Dillslekta (Anethum) er ei planteslekt i skjermplantefamilien som stammar frå Midtausten og Sahara. Ho omfattar krydderplanta dill (Anethum graveolens).
Artsnamnet kjem frå den latinske forma av dei greske orda for dill og anis, anison, anīson, anīthon og anīton. Anis er no plassert i ei anna slekt, Pimpinella.
I litteraturen kan ein finne fleire artar som er ført inn under denne slekta, som fennikel, men dette er ikkje i samsvar med mest vanlege systematikken i dag.
Artar I dag er 2 artar rekna med til slekta: Anethum graveolens L. – dill Anethum theurkauffii Maire
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dillsläktet» frå , den 9. april 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skjermplantefamilien