mini|Frå bysentrum i Beijing i 2018.

Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.

Byen har vore hovudstad i Kina sidan oktober 1949 og òg før det i ei rekkje periodar, samanlagt i over 600 år. I dag er han ein byprovins i Folkerepublikken Kina, det vil seia at byen er direkte underlagt staten på same vis som provinsane i landet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 京 for Jing (brukt m.a. på bilskilt).

Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai. Ved utgangen av 2020 hadde han 21 893 095 innbyggjarar. I sjølve bykjernen budde det per 1. januar 2007 7,6 millionar personar. Det totale forvaltningsområdet til Beijing (heile byprovinsen) husa 17,43 millionar, av desse var 12,03 millionar registrerte som faste innbyggjarar, medan 5,4 millionar var mellombels busette (liudong rénkou). Det er òg nokre millionar kinesiske arbeidarar frå andre provinsar der og som ikkje har buløyve i byen.

Beijing er det politiske og kulturelle sentrumet i Kina, medan Shanghai framleis kan seiast å vera det økonomiske sentrumet i landet, i skarp konkurranse med Hongkong. Gjennom den lange historia si har Beijing utvikla ei variert og eineståande kulturarv. Det ligg fleire verdsarvstader her: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen. Den kinesiske staten har ei eiga liste over Nasjonale historiske minnestader og kulturgode under statleg vern. Denne lista omfattar 98 bygningar, anlegg eller anna i Beijing (etter oppføringsvedtaka frå 25. mai 2006).

Beijing arrangerte Dei 29. olympiske sommarleikane i 2008. Det blei anlagt ein olympisk bydel nord i byen, der dei fleste øvingane fann stad. Beijing rangerer som nummer 6 i verda i tal på skyskraparar. Beijing har blitt rangert som ein av dei viktigaste globale byane i verda økonomisk sett.

Namn Namnet Beijing () betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad'). Namnet blei historisk translitterert som «Peking». Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.

Historie

Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastietHou 1998: 38 (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.Hou 1998: 38

Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.

Utdanning

Det ligg 91 universitet i Beijing. Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.

Merknadar

Kjelder Referansar

Bibliografi Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.

Denne artikkelen bygger på «Beijing» frå , den 31. oktober 2019 og 15. september 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Asia Kategori:Kina Kategori:Provinsar i Folkerepublikken Kina Kategori:Vertsbyar for sommar-OL Kategori:Vertsbyar for vinter-OL