Judas Priest er eit engelsk heavy metal-band skipa i Birmingham i England i 1969. Bandet har seld over 45 millionar album så langt. MTV rangerte dei som det nest største metal-bandet gjennom tidene. Trass i nyskapande musikk på siste halvdel av 1970-åra, sleit bandet med likegyldig-produserte album, mange byte av trommeslagarar og mangel på større kommersiell suksess eller merksemd før 1980, då dei gjekk for ein enklare stil med albumet British Steel som gjorde dei til superstjerner. I 1989 vart dei saksøkte og måtte i retten då det vart hevda at undermedvitne meldingar i songen «Better By You, Better Than Me» hadde ført til at to unge menn hadde teke livet av seg. Saka vart til slutt avvist.

Bandet har hatt fleire endringar i besetninga, mellom anna mange forskjellige trommeslagarar i 1970-åra, og ein periode utan songaren Rob Halford tidleg i 1990-åra. Den noverande besetninga består av Halford, gitaristane Glenn Tipton og Richie Faulkner, bassisten Ian Hill og trommeslagaren Scott Travis. Det bestseljande albumet til bandet er Screaming for Vengeance frå 1982, med den mest suksessrike besetninga deira, som bestod av Halford, Tipton, Hill, gitaristen K.K. Downing og trommeslagaren Dave Holland.

Stilen deira med den opera-aktige vokalen til Halford og den doble gitarlyden til Downing og Tipton er blitt brukt av mange band. Imaget deira med lêr, naglar og andre tabuartiklar innan klede vart særs innverknadsrik under glam metal-tida i 1980-åra. The Guardian kalla British Steel plata som definerer heavy metal. Trass i dalande popularitet i 1990-åra har bandet seinare blitt meir populære igjen med verdsturnear, innlemming i VH1 Rock Honors i 2005, ein Grammypris for beste metal-song i 2010, og songane deira vart nytta i videospel som Guitar Hero og Rock Band-serien.

Historie

Opphav (1969–1974) Eit tidlegare band med ei anna besetning oppstod i West Midlands-området i 1969 med Al Atkins (solovokal), Bruno Stapenhill (bass, fødd Brian Stapenhill i 1948 i Stone Cross i West Bromwich), John Partridge (trommer, f. ca. 1948 i West Bromwich) og John Perry (gitar). Stapenhill kom på namnet Judas Priest frå Bob Dylan-songen «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» og dei øvde i huset hans i Stone Cross. Perry døydde anten i ei bilulukke eller tok sjølvmord, i følgje Al Atkins, kort tid etter bandet vart danna, og vart så erstatta av Ernie Chataway.). Bandet spelte den første konserten sin 25. november 1969 på The George Hotel i Walsall og turnerte så i Skottland i desember 1969 og januar 1970. Gruppa vart oppløyst i april 1970 etter den siste konserten deira den 20. april i The Youth Centre i Cannock.

Besetninga som tok over namnet Judas Priest bestod av sologitaristen Kenny K.K. Downing, bassisten Ian «Skull» Hill og trommeslagaren John Ellis. Dei første to hadde kjend kvarandre sidan barndommen og voks opp i Yew Tree i West Bromwich og vart nære vener tidleg i tenåra, då dei delte same musikksmak (Black Sabbath, Led Zeppelin, Deep Purple, Jimi Hendrix, The Who, Cream, The Yardbirds) og lærte å spele instrument. Bandet vart skipa i oktober 1970 i Birmingham. Dei gjekk med på å bli med Atkins, som føreslo å bruke det gamle bandnamnet sitt. Dei øvde i huset til svigermora til Atkins i Stone Cross. Den nye gruppa heldt den første konserten sin den 16. mars 1971 i St John's Hall i Essington.

Med Downing som fungerande leiar, flyttar bandet bort frå den originale bluesstilen mot hardrock. Kvartetten spelte kring Birmingham og områda rundt med forskjellige trommeslagarar fram til 1974, og varma stundom opp for band som Budgie, Thin Lizzy og Trapeze. Til slutt førte økonomiske vanskar og problem med managementet deira, selskapet IMA som Tony Iommi eigde, til at Alan Atkins og trommeslagaren Alan Moore slutta i mai 1973. På den tida var Ian Hill kjæraste med ei dame frå Walsall som føreslo broren hennar, Rob Halford, som vart songaren i bandet. Halford kom med i bandet og tok med seg trommeslagaren John Hinch frå det førre bandet sitt, Hiroshima. Denne besetninga turnerte i Storbritannia, ofte som oppvarmingsband for Budgie, og spelte til og med konsertar i Noreg og Tyskland.

Rocka Rolla (1974–1975) Før bandet gjekk i studio for å spele inn det første albumet sitt, føreslo plateselskapet at dei skulle ta inn ein musikar til i bandet. Sidan Downing var motvillig til å ta med ein klaverspelar eller ein som spelte blåseinstrument, valde han ein annan sologitarist, Glenn Tipton, i april 1974, frå det Stafford-baserte Flying Hat Band som den nye medlemmen sin. Dei to gitaristane arbeidde i lag for å tilpasse seg songar bandet alt hadde laga, og Tipton vart òg ført opp som låtskrivar. I august 1974 gav bandet ut debutsingelen «Rocka Rolla» og følgde opp ein månad seinare med eit album med same namn.

Tekniske problem under innspelinga medverka til dårleg lydkvalitet på plata. Produsenten Rodger Bain, som mellom anna hadde produsert dei tre første albuma til Black Sabbath, i tillegg til det første albumet til til Budgie, dominerte produksjonen av albumet og tok avgjersler som bandet ikkje var samde i. Bain valde òg å utelate fanfavorittar frå konsertane til bandet, som «Tyrant», «Genocide» og «The Ripper», og han spelte inn songen «Caviar and Meths» og redigerte han ned frå ein ti minuttar lang song til ein to minuttar lang instrumental.

Turneen etter Rocka Rolla var den første internasjonale turneen til Judas Priest med konsertar i Tyskland, Nederland, Noreg og Danmark, inkludert ein konsert på Hotell Klubben i Tønsberg, der dei fekk negativ omtale i den lokale pressa. Albumet selde dårleg då det kom og Judas Priest hamna i store økonomiske vanskar. Priest prøvde å sikre ein avtale med Gold Records for ei månadsløn på 50 pund, men fordi Gold Records òg sleit økonomisk, avslo dei avtalen. Rocka Rolla (1974) har sidan stort sett blitt avvist av bandet og ingen av songane frå albumet vart spelte på konsertane deira etter 1976 utanom «Never Satisfied», som vart spelt på Epitaph-turneen i 2011.

Sad Wings of Destiny (1975–1977) Bandet deltok meir i produksjonen av det neste albumet, som vart spelt inn i november og desember 1975, og dei valde produsentane sjølve. Resultatet, Sad Wings of Destiny (1976), inneheld fleire eldre songar, inkludert dei tidlegare nemnte konsertfavorittane og flytta bandet frå ein psykedelisk stil til ru metal med opningssporet, den progressive og episke «Victim of Changes». Denne songen var ein kombinasjon av «Whiskey Woman», ein song dei hadde spelt sidan Al Atkins-tida i Judas Priest, og «Red Light Lady», ein song Halford hadde skrive for det førre bandet sitt, Hiroshima. Denne plata og ein god konsert på Readingfestivalen i 1975https://vintagerock.wordpress.com/2013/06/13/judas-priest-newcastle-city-hall-october-1978/ var med på å skape interesse for bandet og utvida fanskaren deira.

Debut for større plateselskap (1977–1979) Det neste albumet deira, Sin After Sin i 1977, var det første Priest spelte inn for eit større selskap, CBS og det første av elleve album på rad som selde til gullplate eller meir i USA. Då kontrakten deira med Gold Records gjekk ut, mista bandet rettane til dei to første albuma sine. Sin After Sin vart produsert av den tidlegare Deep Purple-bassisten Roger Glover. Bandet valde å bruke studiotrommeslagaren Simon Phillips på plata. Han avslo å bli permanent medlem, så bandet hyrte inn Les Binks etter råd frå Glover. I lag spelte dei inn Stained Class i 1978, produsert av Dennis MacKay, og Killing Machine (gjeve ut i Amerika som Hell Bent for Leather). Binks, som skreiv den mektige «Beyond the Realms of Death», var ein dugande og teknisk trommeslagar. Binks spelte òg på Unleashed in the East (1979), som vart spelt inn live i Japan under Killing Machine-turnéen. Medan dei første tre Judas Priest-albuma hadde mange spor av Black Sabbath, Led Zeppelin og Deep Purple, i tillegg til balladar, inneheldt ikkje Stained Class ein einaste ballade utanom den særs mørke «Beyond the Realms of Death». Killing Machine var det første sporet av ein meir kommersiell stil, med enklare songar som førte attende noko av bluespåverknaden. Samstundes byrja bandmedlemmane å utvikle det no kjende lêr-og-naglar-imaget.

Suksessåra (1979–1991) mini|Judas Priest i 1981 under World Wide Blitz Tour. Etter Killing Machine (1978) kom konsertalbumet Unleashed in the East (1979). Det var det første av mange Judas Priest-album som selde til platinaplate. Bandet vart noko kritisert for å ha fiksa på albumet i studio, sjølv om det vart marknadsført som eit konsertalbum. På dette stadiet hadde spelestilen til bandet blitt langt tynge, og konsertversjonar av songar som «Exciter» og «Diamonds and Rust» høyrtest tyngre og raskare ut enn studioversjonane.

Les Binks slutta seint i 1979 då han var misnøgd med at bandet ønskte å gå mot ein enklare, radiovenleg stil, så dei erstatta han med Dave Holland, som tidlegare hadde spelt i bandet Trapeze. Med denne besetninga spelte Judas Priest inn seks studio- og eitt konsertalbum, som gav dei forskjellige grader av suksess.

I 1980 gav bandet ut British Steel. Songane var kortare og meir radiovenlege, men samstundes med den kjende heavy metal-kjensla. Songar som «United», «Breaking the Law» og «Living After Midnight» vart ofte spelte på radio. Den neste utgjevinga, Point of Entry, frå 1981 følgde same stilen, og turneen etter albumet inneheldt nye songar som «Solar Angels» og «Heading Out to the Highway».

I 1982 kom albumet Screaming for Vengeance med «You've Got Another Thing Comin'», som vart ein stor radiohit i USA. Songar som «Electric Eye» og «Riding on the Wind» var òg på dette albumet, og vart populære konsertsongar. «(Take These) Chains» (av Bob Halligan jr.) vart gjeven ut på singel og vart mykje spelt på radio. Albumet selde til dobbelt platina i USA.

mini|venstre|Downing og Tipton i San Sebastián i Spania under World Conqueror-turneen i 1984. Priest fortsette suksessen i midten av 1980-åra. «Freewheel Burning», kom ut i 1983, og vart mykje spelt på radio. Albumet songen kom frå, Defenders of the Faith, vart gjeve ut året etter. Somme kritikarar kalla han «Screaming for Vengeance II», på grunn av musikalske likskapar med det førre albumet.

Den 13. juli 1985 spelte Judas Priest, i lag med Black Sabbath og andre artistar, på Live Aid. Bandet spelte på JFK Stadium i Philadelphia. Under konserten spelte dei «Living After Midnight», «The Green Manalishi (With The Two-Pronged Crown)» og «(You've Got) Another Thing Comin'».

Turbo kom ut i april 1986. Bandet byrja å ta i bruk ein meir fargerik utsjånad på scenen og musikken deira vart meir kommersielle med hjelp av gitar-synthesizerar. Albumet selde til platinaplate og ein suksessrik turné følgde, med 100 konsertar i Nord-Amerika, Europa og Japan. Det vart spelt inn eit konsertalbum under turneen, kalla Priest...Live!, og dette kom ut året etter. Videodokumentaren Heavy Metal Parking Lot vart skapt av Jeff Krulik og John Heyn i 1986. Han dokumenterer heavy metal-fans som ventar på ein Judas Priest-konsert den 31. mai 1986 (med spesialgjestane Dokken) ved Capital Center (seinare kalla US Airways Arena) i Landover i Maryland.

mini|Rob Halford i 1988. Eit av varemerka til Priest var Halford som kom køyrande på ein motorsykkel på scenen. I mai 1988 vart Ram It Down gjeve ut med fleire omarbeidde songar frå Turbo, i tillegg til nye songar. Bandet spelte inn tre songar med popprodusentane Stock-Aitken-Waterman: to originale, «Runaround» og «I Will Return», og ein versjon av The Stylistics-hiten «You Are Everything», men desse vart til slutt ikkje tekne med på albumet etter ei avgjersle hos managerane. Ein kritikar kalla Ram It Down ein «stilmessig utvikling» som kom av bandet sitt «forsøk på å gå bort frå dei teknologiske synthesizerane og gå attnde til tradisjonell metal frå gullalderen sin.» Kritikaren hevda at albumet synte «kor langt bak dei var thrash metal-artistane dei var med å inspirere» i tidlegare år. Seint i 1980-åra slutta trommeslagaren Dave Holland i bandet.