Andøya flystasjon er ein militærbase for luftforsvaret som ligg på Andenes i Andøy kommune i Nordland fylke. Her ligg luftforsvaret sin 333-skvadron, med P-3 Orion overvakingsfly.
Flyplassen på Andøya vart bygd etter ønske frå NATO, og var ferdigbygd og operativ i 1957. Under den kalde krigen var basen svært viktig for forsvaret av Noreg. Flystasjonen er ei hjørnesteinsverksemd i Andøy kommune.
Det går òg sivile passasjerfly frå Andenes. Den sivile delen av flyplassen heiter Andøya lufthamn, Andenes.
Kategori:Samferdsle i Andøy Kategori:Byggverk i Andøy Kategori:Norske militærbasar Kategori:Det norske luftforsvaret Kategori:Skipingar i 1957