Gunnar Sønstevold () var ein norsk komponist frå Elverum og var òg ein kjend jazzpianist i trettiåra. Han var uvanleg mangslungen i uttrykksform og i siste perioden var musikken hans prega av tolvtoneteknikk.
Biografi Sønstevold studerte piano med Nils Larsen og Erling Westher. I 1930-åra utmerka han seg som jazzpianist i gruppa Funny Boys. Under den tyske okkupasjonen var han flykting i Sverige der han kom i kontakt med det som skulle bli den namnkjende måndagsgruppa. Leiar i gruppa var komponisten Hilding Rosenberg som òg vart Sønstevold sin lærar i komposisjon. Etter krigen kom han tilbake til Noreg og arbeidde med film- og teatermusikk. I 1955 vann han Filmkritikerprisen for filmmusikken til Det brenner i natt. I perioden 1960–1967 studerte han komposisjon ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien. I 1967 vart han tilsett som musikalsk leiar i NRK. Han har undervist ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han vann Lindemanprisen i 1985.
Gunnar Sønstevold var gift med den svenske komponisten Maj Sønstevold.
Verk (utval) 1964 – The Dorian Cage 1971 – Litany i Atlanta til minne for Louis Armstrong
Filmmusikk (utval) 1944 – Lev farlig 1946 – Englandsfarere 1949 – Vi flyger på Rio 1952 – Nødlanding 1950 – Musikk på loftet 1952 – Veslefrikk med fela 1954 – Roald Amundsen 1955 – Det brenner i natt 1957 – Ni liv 1957 – Fjols til fjells 1961 – Bussen 1963 – Om Tilla 1968 – Bare et liv - historia om Fridtjof Nansen 1969 – Huset på grensen 1969 – An-Magritt 1970 – Antigone
Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske filmmusikkomponistar Kategori:Folk frå Elverum