Pieter de Hooch () var ein nederlandsk sjangermålar frå Rotterdam. Namnet hans er også skrive Hoogh eller Hooghe.
Liv og gjerning mini|venstre|Gardsplass i Delft, 1658 mini|Gullvegerska, 1663
Pieter de Hooch var frå tidleg 1650-tal i teneste hos kjøpmannen og kunstsamlaren Justus de la Grange.Pieter de Hooch frå Encyclopædia Britannica Arbeidet førte til at han var med Grange på reiser til Haag, Leiden og Delft.
I 1654 slo Hooch seg ned i Delft.Pieter de Hooch frå Essential Vermeer Året etter vart han medlem av Sint-Lucasgildet i Delft. Medan Hooch var i byen måla han harmoniske interiør og gardsmotiv, påverka av Johannes Vermeer. Til liks med Vermeer var han interessert i optikk og korleis lyset fell. På ein meisterleg og usentimental måte skildra han velstanden og det fredfulle ved livet i Nederland på 1600-talet. Det er sannsynleg at Hooch leverte dei fleste verka sine til Grange i denne perioden, i byte mot kost og losji og andre fordelar. Ei seinare inventaroversikt viser at Grange eigde 11 av måleria hans.
Kringom 1661 flytta Hooch til Amsterdam, der han arbeidde for rike oppdragsgjevarar. Sjølv budde han og familien i ein bydel prega av fattigdom. Måleria hans vart frå då av meir storslagne og av mykje lågare kvalitet enn dei han hadde måla i Delft.
Han døydde 54 år gammal på eit sinnsjukehus i Amsterdam.
Notar
Kjelder
Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon Denne artikkelen bygger på «Pieter de Hooch» frå , den 18. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nederlandske målarar Kategori:Målarar frå 1600-talet Kategori:Folk frå Rotterdam