Motorpsycho er eit norsk rockeband frå Trondheim. Bandet består per i dag av Bent Sæther på bass og vokal, Hans Magnus «Snah» Ryan på gitar og vokal. Trommeslagaren Kenneth Kapstad, som vart fullverdig medlem i bandet i 2007, slutta etter ein Europa-turné våren 2016. Det tidlegare medlemmet Håkon Gebhardt (trommer) slutta i 2005. Namnet på gruppa er henta frå ein film av Russ Meyer. Alle medlemmene har spela i fleire andre band, både før og etter at Motorpsycho vart starta. Mange andre artistar har òg spela saman med Motorpsycho, mellom andre Deathprod (Helge Sten), Jaga Jazzist, Ståle Storløkken og Reine Fiske. Kim Hiorthøy har utforma dei fleste av plateomslaga.
Musikken deira kan best skildrast som ei eksperimentell blanding av psykedelisk rock, vanleg rock, jazz, heavy metal og punk. Dei er kjende for å laga variert musikk, og for å variere stilen mellom plateutgjevingane. Den av platene som kanskje utmerker seg mest på dette viset er The Tussler, ei fullverdig country-plate bandet laga fordi Gebhart hadde fått ein banjo i gåve.
Historie Bandet vart starta i 1989 i Trondheim — da med Kjell Runar «Killer» Jenssen på trommer. I 1990 produserte bandet den første demoen sin, Maiden Voiage, og året etter kom albumet Lobotomizer. Stilen deira på den tida var noko heilt anna enn det rolege, avbalanserte bandet fansen deira kjenner i dag. Dei var sterkt inspirerte av grunge, ein sjanger som var på sitt høgdepunkt på den tida. Det var mykje skriking og fuzzgitar. Etter dett albumet slutta «Killer» i bandet, og «Snah» henta inn ein kompis frå folkehøgskulen — Håkon Gebhardt. Bandet var svært tidleg knytt opp til UFFA og Svartlamon i Trondheim, eit bustadområde for huslause, kunstnarar og politiske aktivistar.
Dei neste utgjevingane var Soothe (1992) og 3 Songs for Ruth (1993). Begge desse to utgjevingane kom berre på vinyl. Derfor vart plata 8 Soothing Songs for Ruth utgjeven — ein CD som inneheldt begge dei to tidlegare platene, med unntak av songen "Some Real Mindfuck" frå 3 songs for Ruth. Det var på denne tida at Motorpsycho møtte Helge Sten, som arbeidde mykje med eksperimentell elektronisk musikk og keyboard. Helge vart interessert i prosjektet og vart med på den neste plata, Demon Box — ei plate som av store delar av fansen blir rekna som den beste plata deira, og som inneheld "Waiting for the One", ein av dei best kjende songane deira. Etter Demon Box slutta Helge i Motorpsycho for å kunna konsentrere seg om eigne studium.
I 2003 braut Motorpsycho tradisjonen med å gjeva ut eitt album kvar haust. Dei hadde da tidlegare på året gjeve ut In The Fishtank saman med Jaga Jazzist. Det kom da ikkje ut noka plate frå Motorpsycho før hausten 2004, saman med Lars Lien og fleire andre som til saman utgjer The International Tussler Society. Plata vart ein stor suksess og gjekk rett inn på toppen av salslista den veka plata kom ut.
Verk 1990 – Maiden Voyage (demo) 1991 – Lobotomizer 1992 – Soothe (EP) 1992 – 3 Songs for Ruth (EP) 1992 – 8 Soothing Songs for Ruth 1993 – Demon Box 1993 – Mountain EP (EP) 1994 – Another Ugly EP (EP) 1994 – Promotor 1 EMI (Gratis med dei aller første kopiane av Timothys Monster) 1994 – Stickman Promotor 2 1994 – The Tussler 1994 – Wearing Yr Smell 1995 – Blissard (Gruppa vann Spellemannprisen 1996 i klassen rock for denne plata.) 1996 – Timothy's Monster 1997 – Angels and Daemons at Play (Gruppa vann Spellemannprisen 1997 i klassen hardrock for denne plata.) 1998 – Trust Us 1999 – Roadworks, vol. 1 2000 – Let them eat Cake (Gruppa vann Spellemannprisen 2000 i klassen rock for denne plata.) 2000 – Walking with J. (EP) 2001 – Barracuda 2001 – Phanerothyme 2002 – It’s a love cult 2003 – In the Fishtank (Samarbeid med Jaga Jazzist) 2004 – Motorpsycho Presents: The International Tussler Society 2006 – Black Hole - Blank Canvas 2008 – Little Lucid Moments 2009 — Child of the Future 2010 — Heavy Metal Fruit 2011 — Roadworks, vol. 4 – Intrepid Skronk 2011 — Strings Of Stroop - Motorpsycho Live At Effenaar 2012 — The Death Defying Unicorn 2013 — Still Life with Eggplant 2014 — Behind The Sun 2014 — Toys 2014 — The Motorpnacotic Fragments. 2015 — En konsert for folk flest 2015 — Young Person's Guide to Motorpsycho 2015 — Psychonaut/Toys 2016 — Spin, Spin, Spin 2016 — Here Be Monsters 2017 — Begynnelser 2017 — The Tower 2017 — California (EP) 2019 — The Crucible 2020 — The All is One 2021 — Kingdom of Oblivion 2022 — Ancient Astronauts 2023 — Yay!
Utmerkingar
Spellemannprisen 1996 i klassen rock for Blissard. Spellemannprisen 1997 i klassen hardrock for Angels and Daemons at Play. Gammleng-prisen i 1999 i klassen pop/rock. Spellemannprisen 2000 i klassen rock for Let Them Eat Cake. Alarmprisen 2001 i klassen rock. Edvard-prisen i 2010 i klassen populærmusikk for Child of the Future.
Kjelder «Motorpsycho» på Bokmålswikipediaen
Bakgrunnsstoff Offisiell side
Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Vinnarar av Alarmprisen Kategori:Musikkgrupper skipa i 1989 Kategori:Kultur i Trondheim