Thalassarche er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er avgrensa til den sørlege halvkula, der dei òg er dei vanlegaste av alle albatrossar. Det er den største slekta i albatrossfamilien med i alt åtte artar som er godkjente etter AviList 2025.
Thalassarche har den største variasjonen i storleik blant alle albatrosslekter, vengespennet varierer mellom 180 og 256 centimeter.Robertson, C. J. R. (2003) Fjørdrakta har vore skildra som ei måseliknande drakt, med mørk eller svart rygg, skulder og hale og lysare hovud, underside av venger og buk. Fleire artar har gjerne hovud med litt mørkegrått, eller har eit mørkt parti rundt auga. Dei har alle ei fargerik, rosa kjøttstripe frå munnvika til øyret som dei viser fram under oppvisingar. Dei har artspesifikke nebbstruktur og farge som gjer artane her enklare å identifisere enn andre albatrossar. Nebba er anten farga sterkt oransje eller gule, eller dei er mørke med fleire gule linjer.
Artar Thalassarche i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Estimat av populasjonar etter faktaark hos Verdas naturvernunion: ArtsnamnVitskapleg namnStatusPopulasjonÅrTrendHekkeplassarRef GulnasealbatrossThalassarche chlororhynchosEN35 000-73 500 2010minkandeøyar i Sør-Atlanteren KvithovudalbatrossThalassarche carteriEN82 000 1998minkandeøyar i Sør-Indiahavet GråhovudalbatrossThalassarche chrysostomaEN250 000 2010minkandefleire øyar i Sørishavet SvartbrynalbatrossThalassarche melanophrisLC1 400 000 2003-2017aukandeFalklandsøyane og fleire øyar i Sørishavet KvitpannealbatrossThalassarche bulleriNT50 000-100 000 2010stabilSnareøyane, Solanderøya og Chathamøyane, New Zealand SvartflekkalbatrossThalassarche cautaNT30 700 2005-2011ukjendved Tasmania (Utan underart T. c. steadi) SølvhovudalbatrossThalassarche salviniVU80 000 2014ukjentChathamøyane, Snareøyane og Bountyøyane ChathamalbatrossThalassarche eremitaVU11 000 2010stabilPyramiden, Chathamøyane aust for New Zealand Verdas naturvernunion, IUCN, godtek òg følgjande takson som sjølvstendig art: Thalassarche (cauta) steadi, (NT) 203 600 modne individ per 2014, minkande, hekkeutbreiing: Aucklandøyane og Antipodeøyane
Kolonnar i tabellen over: Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN Populasjon er estimert storleik på bestand av kjønnsmodne individ, total populasjon er gjerne langt høgare fordi albatrossar startar hekking først når dei er 5-10 år gamle Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Mollymawk» frå , den 12. mars 2012, mellom anna var følgjande referansar gjevne:
Referansar
Kategori:Albatrossfamilien Kategori:Fugleslekter