Surselva er eit distrikt i kantonen Graubünden i Sveits. Det har eit areal på 1373 km² og litt over 20 000 innbyggjarar.
Surselva omfattar dalen til Vorderrhein og alle sidedalane til denne, frå starten nær Oberalppasset og heile vegen ned til Reichenau, der Vorderrhein går i hop med Hinterrhein og dannar Rhinen. Distriktet endar før samløpet ved ein stor skog ved restane etter Flimsraset. På grunn av raset er det for lite vatn i området til å drive jordbruk, så skogen, som har gjeve namn til distriktet (retoromansk selva tyder «skog» og Surselva tyder «ovanom skogen»), har fått vokse i fred.
Surselva er eit av få område i Sveits der der retoromansk er det dominerande språket (den andre dalen er Engadin, dalen som elva Inn renn gjennom). 59% har retoromansk til morsmål, medan tysk vert nytta av 34-35% av innbyggjarane.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Surselva består av fem krinsar (tysk Kreis, retoromansk circul) og 43 kommunar (tysk Gemeinde, retoromansk cumün). Einast to av dei 43 kommunane har i overkant av 2 000 innbyggjarar.
Krins Kommune Disentis Breil/Brigels Disentis/Mustér Medel (Lucmagn) Sumvitg Tujetsch Trun Ilanz Castrisch Falera Ilanz Laax Ladir Luven Mundaun Pitasch Riein Ruschein Sagogn Schluein Schnaus Sevgein Valendas Versam Lumnezia/Lugnez Cumbel Duvin Degen Lumbrein Morissen St. Martin Suraua Vals Vignogn Vella Vrin Ruis Andiast Obersaxen Pigniu Rueun Siat Waltensburg/Vuorz Safien Safien Tenna
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Surselva District» frå , den 11. mars 2012.
Kategori:Distrikt i Graubünden