Diomedea er ei biologisk slekt av dei største albatrossane. Namnet kjem frå den greske helten Diomedes, som etter legenda vart driven til Italia av ein storm og stranda med følgjesveinane sine som vart til fuglar.Gotch, A. F. (1995) __NOTOC__ Skildring Dette er ikkje berre dei største albatrossane, men òg blant dei største av alle flygande fuglar. Og dei har dei største vengespenna av alle fuglar, med eit gjennomsnitt på over 3 meter. Store vaksne hannar av desse artane kan overstige 11 kg i vekt, og er likeså tung som ei stor svane.
Diomedea-albatrossane er hovudsakleg kvite i fjørdrakt som vaksne, og blir kvitare med alderen. Kongealbatross i alle aldrar og storleikar, eldre hannar av vandrealbatross er heilt kvite som funksjonsfriske, medan vaksne hoer og yngre eksemplar har mørke pennemerke på fjørkantane. Vanlegvis har ungfuglar meir mørkebrun farge. Den nyleg oppdaga og anerkjende arten Diomedea amsterdamensis held på den mørkebrune fjørdrakta av ungfuglar inn i vaksenlivet.
Dette er store sjøfuglar med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet, og hekkar på isolerte øyar. Vandrealbatrossane hekkar på øyar rundt Sørishavet, frå Atlanterhavet, Sør-Georgia og Tristan da Cunha, til Indiahavet og sub-antarktiske øyar utanfor New Zealand. Kongealbatrossane hekkar berre på New Zealands sub-antarktiske øyar, med ein uvanleg koloni på Otago-halvøya på New Zealand.
Artsliste Diomedea i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. ArtsnamnVitskapleg namnStatusPopulasjonÅrTrendHekkeplassarRef VandrealbatrossDiomedea exulansVU20 100 2006-2011minkandeØyar i Sørishavet: Sør-Georgia, Kerguelen, Heard- og McDonaldøyane og på Macquarie Island AntipodealbatrossDiomedea antipodensisEN50 000 2016minkandeAucklandøyane, Antipodeøyane og Campbelløyane BeltealbatrossDiomedea amsterdamensisEN170 2011aukandeAmsterdamøya i Indiahavet TristanalbatrossDiomedea dabbenenaCR3 400-4 800 2016minkandeSør-Atlanteren: Goughøya, Tristan da Cunha, St Helena KongealbatrossDiomedea epomophoraVU27 200 2016stabilCampbelløya, Aucklandøyane med fleire SvartvengalbatrossDiomedea sanfordiEN17 000 2008minkandeChathamøyane aust for New Zealand Kolonnar i tabellen over: Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN Populasjon er estimert storleik på bestand av kjønnsmodne individ, total populasjon er gjerne langt høgare fordi albatrossar startar hekking først når dei er 5-10 år gamle Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International Alternativ taksonomi hos EBird/Clements Checklist v2021 listar berre to artar i slekta. Kongealbatross, Diomedea epomophora, med to underartar og vandrealbatross, Diomedea exulans, med fem underartar.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Great albatross» frå , den 10. mars 2012, bl.a. var følgjande referansar gjevne: Brooke, Michael (2004): Albatrosses and Petrels across the World. Oxford University Press, Oxford, New York. ISBN 0-19-850125-0
Haaramo, Mikko (2005): Mikko's Phylogeny Archive: Diomedeidae - albatrosses . Version of 2005-11-15. Retrieved 2006-09-25. Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext Olson, Storrs L. (1985): Section X, H, 1. Diomedeidae. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 208-210. Academic Press, New York. Penhallurick, John & Wink, Michael (2004): Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Emu 104(2): 125-147. (HTML abstract) Rheindt, F. E. & Austin, J. (2005): Major analytical and conceptual shortcomings in a recent taxonomic revision of the Procellariiformes - A reply to Penhallurick and Wink (2004). Emu 105(2): 181-186. PDF fulltext
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Albatrossfamilien Kategori:Fugleslekter