Anders Jonas Ångström () var ein svensk fysikar og astronom. Han er ein av grunnleggjarane av spektroskopien, og eininga ångstrøm (1 Å = 10−10 meter) er kalla opp etter han. Månekrateret Ångström er òg kalla opp etter han. I tillegg arbeidde han med varmeleiing. Han er mest kjend for avgjersla av bølgjelengdene til dei fraunehoferske linjene i solspekteret.
Ångström var professor ved Uppsala universitet frå 1858 til 1874 og rektor ved universitetet i perioden 1870-1871.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anders Jonas Ångström» frå , den 9. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Svenska män och kvinnor Beckman, Olof, Ångström far och son, Acta Universitatis Upsaliensis; Skrifter rörande Uppsala universitet; C.organisation och historia 60 (Uppsala 1997).
Bakgrunnsstoff Anders Ångström frå Uppsala astronomiska observatorium Anetavle for Anders Jonas Ångström ; Lars Wallgrens websted om slektsgranskning
Kategori:Svenske astronomar Kategori:Svenske fysikarar Kategori:Folk frå Medelpad Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Elevar ved Universitetet i Uppsala