Jean Frédéric Bazille () var ein fransk kunstmålar frå Montpellier. Han var ein av dei aller første impresjonistane, og er særleg kjend for en plein air-landskap og sine portrett.
Liv og gjerning mini|venstre|Sjølvportrett, ca. 1865-66
Bazille kom frå ein rik, protestantisk familie. Etter ynskje frå faren studerte han medisin frå 1860. I 1862 reiste han til Paris, der han byrja å måle. Han gjekk i hovudsak i lære hos Charles Gleyre. Elles møtte han Auguste Renoir, som han ei tid også delte atelier med. Og så vart han kjend med Claude Monet og Alfred Sisley, via desse målarane trefte han også Édouard Manet. Fleire av desse kunstnarane reiste i lag på turar til Fontainebleu og til Honfleur i Normandie. Der teikna og måla dei i friluft. Bazille ytte også økonomisk stønad til desse kunstnarvenene.
Bazille fekk første gongen utstilt bileta sine på salongen i 1866, men året etter vart dei nye arbeida hans avviste. I 1868 fekk atter han med eit bilete. Bazille måla ofte i det fri, der hovudinteressa var fargen i huda og i landskapet. Familesamling frå 1867, som i dag finst på Orsay-museet, er kanskje det mest kjende måleriet hans.
Frå august 1870 gjorde Bazille teneste i ei militæreining som deltok i den fransk-prøyssiske krigen. I slutten av november månad fall han ved Beaune-la-Rolande.
Bilder
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frédéric Bazille» frå , den 8. mars 2012.
Kategori:Franske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå den fransk-prøyssiske krigen Kategori:Impresjonistiske målarar