Dischmabach er ei elv med ei lengd på om lag 15 km i Albula-vassdraget i Sveits. Ho drenerer Dischmadalen og det meste av nedslagsfeltet hennar ligg innanfor kommunen Davos.

Kjelda til Dischmabach er to elvar. Den eine har ikkje noko namn og spring ut i området ved Scalettapasset. Den andre heiter Furggabach opg spring ut ved Fuorcla Grialetsch. Dei renn saman ved Dürrboden. Dischmabach renn så nordvestover gjennom den slake Dischmadalen og munnar ut i Landwasser mellom Davos Dorf og Davos Platz.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dischmabach» frå , den 7. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Den tilsvarande artikkelen på Tysk Wikipedia

Kategori:Elvar i Europa Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Geografi i Graubünden