Eléni Vitáli () er ein populær gresk songar og komponist som er aktiv innan fleire musikksjangrar, til dømes gresk pop og rebetiko.

Ho blei fødd inn i ein musikalsk tsigani-familie. Faren Takis Lavidas var santur-spelar, og mora Lucy Karageorgiou song på festivalar. Som barn reiste Vitáli over heile Hellas, og foreldra påverka ho tidleg til å slå inn på ein musikalsk karriere.

Vitáli har samarbeidd med fleire av dei mest kjende utøvarane og komponistane i Hellas.

I 1975 gifta ho seg med musikaren Vangélis Xídi og fekk i 1976 sonen Níko Xídi – han er låtskrivar og musikkprodusent.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen er basert på artikkelen om Ελένη Βιτάλη på Wikipedia på gresk 07. mars 2012.

Bakgrunnsstoff Eleni Vitali på myspace.com Eleni Vitali på mygreek.fm Musikkvideo: Δρόμοι που αγάπησα

Kategori:Greske songarar Kategori:Greske komponistar Kategori:Folk frå Aten