HAFS regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad og Solund sør i ytre Sogn og Fjordane. Det vart skipa i 1992 med formålet «å få klarlagt og ta i bruk dei naturlege ressursar og fordelar i området, og å vidareutvikla regionen næringsmessig, sosialt og kulturelt». Regionrådet består av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane, der leiarvervet går på omgang mellom kommunane med ei funksjonstid på to år. Rådet kan gjere vedtak med fire av fem medlemskommunar representert.
Bakgrunnsstoff Artikkel i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon Forprosjektrapport. Utvikling av det interkommunale samarbeidet i HAFS-regionen. Mai 2004
Kategori:Interkommunale regionråd Kategori:Geografi i Sogn og Fjordane Kategori:Skipingar i 1992