Antonio Francisco Javier José Soler Ramos, vanlegvis kjend som Padre Antonio Soler () var ein spansk-katalansk komponist frå seint i barokken til tidleg i klassisismen. Han er mest kjend for sonatane sine for klaver, med viktige bidrag til repertoara for cembalo, fortepiano og orgel.

Soler vart fødd i Olot (Catalonia i Spania) i det historiske grevskapet Besalú. I 1736, då han var seks, gjekk han inn i Escolania i Montserrat kloster der han studerte musikk med Benito Esteve og organisten Benito Valls. I 1744 vart han organist i katedralen La Seu d'Urgell og utpeikt til underdiakon. Seinare i livet hadde han stillingar som kapellmeiseter i Lleida og det kongelege hoffet i El Escorial.

Soler vart prest 23 år gammal. Sjølv om han hadde ein travel kvardag, klarte Soler å skrive meir enn 500 musikalske verk. Av desse var kring 150 klaversonatar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Antonio Soler» frå , den 2. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Soler, Antonio (Father) The Life and Times of Soler (includes audio and sheet music of Soler's keyboard works)

Bakgrunnsstoff

Sonate Nr.10 i b-moll, framført av Iisaka Alle sonatar (gratis notar) Dixit dominus domino meo frå Visperas comunes

Kategori:Barokkomponistar Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Spanske komponistar Kategori:Katalanske komponistar Kategori:Folk frå Garrotxa Kategori:Spanske musikkteoretikarar Kategori:Spanske katolske prestar