Ein musikalsk spøk (tysk Ein musikalischer Spaß) K. 522, (Divertimento for to horn og strykekvartett) er eit klassisk verk av Wolfgang Amadeus Mozart. Komponisten skreiv dette inn i hans Verzeichnis aller meiner Werke den 14. juni 1787. Musikken var med vilje skriven for å vere morosam, som ein særs påtrengande klossete, mekanisk og overrepeterande komposisjon, med passasjar som vart skrivne for å etterlikne effektane av unøyaktig nedskrivne notar og dårleg framføring.Stanley Sadie: 'Wolfgang Amadeus Mozart', The New Grove dictionary of Music and Musicians (London, 1980)
Struktur
Stykket består av fire satsar: Allegro. (i sonateform) Menuetto og Trio. Adagio cantabile. Presto. (Sonate-rondo-form)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Musical Joke» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Recording of A Musical Joke
Kategori:Kammermusikk Kategori:Serenadar og divertimenti av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Humor i klassisk musikk