Serenade nr. 5 i D-dur, K. 204/213a vart skriven 5. august 1775 av Wolfgang Amadeus Mozart for seremoniar ved Universitetet i Salzburg.Zaslaw, Neil, The Compleat Mozart: a Guide to the Musical Works, s. 233-234 (New York, 1990) ISBN 0-393-02886-0 Verket er særs likt K. 203-serenaden komponert for Salzburg sommaren før.

Struktur Serenaden er skriven for to oboar (doble av fløyter), fagott, to horn, to trompetar and strykarar. Verket består av sju satsar:

Allegro assai, 4/4 Andante moderato i A-dur, 3/4 Allegro i A-dur, 2/2 Menuetto & Trio, 3/4 [Andante] i G-dur, 2/4 Menuetto & Trio, 3/4 Andantino Grazioso, 2/4 — Allegro, 3/8

Marsj i D, K. 215/213b, vart nytta som introduksjon eller avslutning for dette verket.

Den andre, tredje og fjerde satsen består av dominerande solofiolin, og dannar ein tre satsar lang fiolinkonsert inne i serenaden. Dette vart òg gjort for K. 203-serenaden året før. Mozart spelte truleg solofiolinen sjølv.

Som med dei fleste orkesterserenadane hans, vart det arrangert ein symfoni av satsane i serenaden. «Serenadesymfonien» for dette verket bestod av sats 1, 5, 6 og 7.Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 340-341 (2002).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 5 (Mozart)» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Serenade 05 Kategori:Musikk i 1775