Jåttå er eit område i Hinna bydel i Stavanger kommune. I området ligg Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK) og NATO sitt Joint Warfare Centre (JWC). Anlegga ligg rett ved det høgaste punktet i Stavanger kommune, Jåttånuten (139 moh.).

I Jåttåvågen vart Viking Stadion opna i 2004. Ved stadionet er det oppretta ein ny haldeplass på jarnbanen Jærbanen, Jåttå haldeplass. Haldeplassen er i bruk når det er tilskipingar på stadion.

Jåttå vidaregåande skule opna i 2007.

Kategori:Geografi i Stavanger