Ivar Svare () er ein norsk fysikar. Han vart sivilingeniør ved NTH i 1956, og tok doktorgraden ved Harvard University i 1962. Han vart dosent i 1965 og professor i faststoffysikk frå 1983 ved NTH (no NTNU). Svare har studert magnetiske og dielektriske eigenskapar til faste stoff. Han har i denne samanhengen undersøkt magnetisk resonans, og har gjennom studiane sine utdjupa forståinga vår av fenomena ioneleiing og kvantemekanisk tunnelering.
Kjelder Ivar Svare. (2012-02-23) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Ivar_Svare
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Norske fysikkprofessorar