Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov (russisk: Павел Алексеевич Черенков) () var ein sovjetisk fysikar som vann Nobelprisen i fysikk i 1958 «for oppdaginga og tolkinga av tsjerenkoveffekten».
I 1934 observert Tsjerenkov eit utslepp av blått lys frå ein flaske med vatn som var blitt utsett for radioaktiv stråling. Dette fenomenet som var knytt til atomære partiklar som flytta seg med snøggleik større enn lysfarten i det lokale mediet, viste seg å vere av stor tyding i seinare eksperimentelt arbeid innan atomfysikk, og for studiar av kosmisk stråling. Dette vart seinare kalla Tsjerenkov-effekten og er blitt ein del av standardutstyret i atom-forskinga for å observere eksistensen og snøggleiken til høgsnøggleikspartiklar.
Pavel A. Tsjerenkov har òg deltatt i utviklinga og bygginga av elektron-akseleratorer, og i undersøkingar av foto-kjernefysisk og foto-meson-reaksjonar.
Han vart tildelt ei rekke prisar i Sovjetunionen. Den første prisen fekk han i 1946, og han fekk ytterlegare to prisar i 1952 og 1977. I 1958 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av Tsjerenkov-effekten. Han vart òg tildelt medalje og vart utnemnd som Helt av Sovjetunionen for det sosialistiske arbeidet sitt i 1984.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Sovjetiske nobelprisvinnarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Russiske oppfinnarar Kategori:Stalinprisen Kategori:Kommunistiske politikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet