Radians er den effekten som vert strålt ut frå eit flateelement per romvinkeleining i ei særskild retning dividert på den tilsynelatande storleiken til flateelementet sett frå same retning. Radiansen er definert som
der L er den observerte eller målte radiansen (W·m−2·sr−1), i retninga θ, d er differnsialoperatoren, Φ er den totale strålingsfluksen eller effekten (W) utstrålt θ er vinkelen mellom normalen på flata og den spesifiserte retninga A er arealet til flata (m2), og er romvinkelen (sr) i forhold til observasjonen eller målinga. Tilnærminga gjeld berre for små A og Ω der cos θ er tilnærma konstant.
Viss radiansen er den same i alle retninga, seier ein at strålinga følgjer Laberts cosinuslov
Radians-faktoren for eit punkt på ei flate er forholdet mellom radiansen i ei særskild retning og den radiansen ein ville ha venta i same retning om flata hadde reflektert strålinga i samsvar med Lamberts cosinuslov.
Kjelder radians. (2012-02-18) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/radians
Kategori:Fysiske storleikar Kategori:Radiometri Kategori:Varmeoverføring