Aleksandr Mikhajlovitsj Prokhorov (russisk: Александр Михайлович Прохоров) () var ein sovjetisk fysikar.

Prokhorov utvikla saman med Nikolaj G. Basov teknikken for forsterkning av elektromagnetiske bølgjer ved stimulert emisjon som ligg til grunn for oppfinninga av masaren og laseren. For dette mottok han i 1964 Nobelprisen i fysikk saman med Basov og Charles H. Townes.

Han vart forskar i 1939 ved Lebedevinstituttet for fysikk i Moskva og frå 1954 var han laboratoriesjef der. Frå 1972 vart han visedirektør ved instituttet. Sidan 1958 vart han òg professor ved Universitetet i Moskva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Prokhorov» frå , den 18. februar 2012.

Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Leninprisen Kategori:Den sovjetiske statsprisen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Russiske oppfinnarar Kategori:Sovjetarar i andre verdskrigen Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Sovjetiske nobelprisvinnarar