Vitskapsåret 1998 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1998.
Hendingar Astronomi og romfart 26. februar - Ei total solformørking var synleg frå jorda i Stillehavet, Mellom-Amerika og Atlanteren.Så funkar universum, James Muirden 26. april - Romsonden Cassini passerte Venus. 15. mai - Eit forskarlag leia av Adam Riess oppdaga mørk energi. 26. juni - Eit forskarteam i San Francisco oppdaga ein planet som er dobbelt så stor som Jupiter, 15 lysår borte frå jorda, den planeten nærast i solsystemet ein nokonsinne har funne. Han vert rekna for å vere ein gassplanet med ein overflatetemperatur kring 60 minusgrader. 29. oktober - 77 år gammal drog John Glenn ut i verdsrommet med Discovery for å bidra til aldringsforskinga og mellom anna teste medisinar mot beinskjørheit. 7. november - Den amerikanske romferja Discovery, med blant andre den 77-årige John Glenn i, landa på jorda etter ni døgn i rommet. 7. desember - Astronautar frå den amerikanske romferja Endeavour kopla saman dei to første modulane ved bygginga av ISS ute i rommet. Ukjend dato - Romsonden Lunar Prospector krinsa i løpet av året rundt månen og samla fakta. Blant dei meir sensasjonelle oppdagingane er is ved polane. Ukjend dato - For første gong lukkast ei internasjonal gruppe astronomar ved studiar av fjerne supernovaer å berekne at universet ekspanderer med akselererande snøggleik. Den første seksjonen av den internasjonale romstasjonen ISS vart sett i omlaupsbane.
Biologi 12. januar - I Paris skreiv 19 av Europarådet sine 40 medlemsstatar på eit tilleggsdokument i konvensjonen om biomedisin, der menneskekloning vert forbode. 20. juli - Kinesiske styresmakter avgjorde å ty til kloning for å redde den utryddingstrua kjempepandaen.
Medisin 15. september - Anti-impotensmiddelet Viagra vart godkjent av EU. 20. desember - Ei 27-årige kvinne i Texas i USA som varr behandla for barnløyse føder verdas første levande åttlingar, barna veg mellom 320-710 gram og er veldig svake.
Prisvinnarar Brinellmedaljen: John Olof Edström Copleymedaljen: James Lighthill Darwinmedaljen: Michael Gale og Graham Moore Davymedaljen: Alan Fersht De Morgan-medaljen: Robert Alexander Rankin Fieldsmedaljen: Richard Ewen Borcherds, William Timothy Gowers, Maksim Kontsevitj, Curtis T. McMullen samt ein sjølvmedalje til Andrew Wiles Göran Gustafssonprisen: Molekylær biologi: Carlos Ibáñez Fysikk: Anne l'Huiller Kjemi: Christina Moberg Matematikk: Oleg Viro Medisin: Lena Claesson-Welsh Ingenjörsvetenskapsakademien delte ut den store gullmedaljen til Gunnar Fant Nobelprisen: Fysikk: Robert B. Laughlin, Horst L. Störmer, Daniel C. Tsui Kjemi: Walter Kohn, John Pople Fysiologi/Medisin: Robert F. Furchgott, Louis J. Ignarro, Ferid Murad Steeleprisen: Herbert Wilf, Doron Zeilberger, Joseph Silverman og Nathan Jacobson Turingprisen: Jim Gray Wollastonmedaljen: Karl Karekin Turekian
Døde 15. mars – Benjamin Spock, amerikansk barnelege og forfattar (fødd ) 31. mai – Michio Suzuki, matematikar (fødd ) 3. juli – Danielle Bunten Berry, òg kjent som Dan Bunten, softwareutviklar (fødd ) 21. juli – Alan Shepard, amerikansk astronaut (fødd ) 4. august – Jurij Artjutsjin, kosmonaut (fødd ) 26. august – Frederick Reines, amerikansk fysikar, nobelprisvinnar (fødd ) 17. desember – Claudia Benton, barnenevrolog (fødd ca. ) 18. desember – Lev Demin, kosmonaut (fødd )
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1998» frå , den 16. februar 2012. oppgav desse kjeldene: