Vitskapsåret 1954 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1954.

Hendingar Astronomi 30. juni - Ei total solformørking fann stad sør og midt i Sverige og vart sett av mange hundretusen menneske gjennom sota bitar av glas20:e århundrades När Var Hur - 1977, Bernt Himmelstedt, Forum, 1999. I Sverige var det berre idellt vêr på Gotland Sverige 1900-talet – 1954, NE, Bra Böcker, 2000, og formørkinga varte i 151 sekunder. Neste gang det skjer i Sverige blir i 2126. 30. november - I Sylacauga i Alabama, fall ein 4 kilos sulfidmeteoritt gjennom eit tak og trefte Elizabeth Hodges medan ho er i stova si og gav ho kraftige blåmerke. Steinen trefte først radioen hennar før han spratt på henne; dette er det første kjente tilfelle i moderne tid at eit menneske er treft av ein stein frå rommet. Biologi 10. januar - Den siste stadfesta kaspitigeren vart drepen, i dalen ved Sumbarelva i Kopet Dag-fjella i Turkmenistan. Ukjend dato Daniel I. Arnon demonstrerte i laboratoriet den kjemiske funksjonen i fotosyntese i kloroplast. Eduard Paul Tratz og Heinz Heck foreslo artsnamnet bonobo på det som tidlegare var kjent som "pygmésjimpanse".

Kjernefysikk 1. mars - USA gjennomførte ei prøvesprenging av ei hydrogenbombe på Bikiniatollen i Stillehavet. September - CERN vart grunnlagd av 12 europeiske statar. Ukjend dato Det første kjernekraftverket starta i Obninsk. Matematikk Leonard Jimmie Savage publiserte Foundations of Statistics, der han fremja bayesiansk statistikk. Medisin 23. februar - Dei første massevaksinasjonane mot polio av barn starta i Pittsburgh, Pennsylvania. Dei første organtransplantasjonane vart utført i Boston og Paris. 23. desember - Joseph Murray ved Peter Bent Brigham Hospital i Boston gjennomførte den første vellukka nyretransplantasjonen. Den vart utført på to einegga tvillingar. Salet av den første av antipsykotiske fentiazin legemidler, Klorpromazin, starta under handelsnamna "Thorazine" (Amerika) og Largactil (Storbritannia). Psykologi Den populærvitskaplege boka Man Meets Dog vart publisert av Konrad Lorenz. Teknologi 7. januar - Georgetown-IBM eksperiment: den første offentlege demonstrasjonen av eit maskinomsetjingsssystem vart synt i New York ved hovudkvartaret til IBM. 17. mai - Ei veke med prøvesendingar med fjernsyn vart innleia frå Tekniska högskolan i Stockholm. 30. september - Ubåten USS «Nautilus» (SSN-571), det første atomdrivne skipet, vart bestilt av Den amerikanske marinen. vitskapshistorie Joseph Needham starta utgjevinga av Science and Civilisation in China (Cambridge University Press).

Prisvinnarar Brinellmedaljen: John Chipman Copleymedaljen: Edmund Whittakar Darwinmedaljen: Edmund Brisco Ford Fieldsmedaljen: Kunihiko Kodaira og Jean-Pierre Serre (den sistnemnte er den yngste vinnaren nokonsinne, 27 år gamal) Nobelprisen: Fysikk: Max Born, Walther Bothe Kjemi: Linus Pauling Fysiologi/Medisin: John F. Enders, Thomas H. Weller, Frederick C. Robbins Wollastonmedaljen: Leonard Johnston Wills

Fødde 20. juni - Ilan Ramon, israelsk astronaut (død ) Døde 7. mars - Otto Diels, tysk kjemikar, nobelprisvinnar i 1950 (fødd ) 10. april - Auguste Lumière, fransk oppfinnar, filmpioner (fødd ) 7. juni - Alan Turing, engelsk matematikar og informatikar (sannsynlegvis sjølvmord) (fødd ) 29. november - Enrico Fermi, italiensk-amerikansk fysikar (fødd )

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1954» frå , den 16. februar 2012. oppgav desse kjeldene: