Vitskapsåret 1909 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1909.

Hendingar Arkeologi Charles Walcott oppdaga Burgess Shale.

Astronomi Det første fotografiet av Halleys komet vart teke.

Fysikk Albert Einstein og Albert Grossman byrja å utvikle ein teori som knyt saman ein metrisk tensor med gravitasjonen. Ernest Rutherford skaut mot ein tynn folie med alfapartiklar med det resultatet at dei fleste passerte igjennom, men ein del vart reflektert. Av eksperimentet vart konklusjonen at atoma har ein positiv kjerne.

Geologi Ernest Shackletons ekspedisjon fann den magnetiske sørpolen.

Medisin Karl Landsteiner utvikla eit system av blodtypar.

Teknologi Leo Baekeland presenterte plasten bakelitt. Louis Bleriot vart den første til å fly over Den engelske kanalen med ein farkost som er tyngre enn luft.

Prisvinnarar Bigsbymedaljen: John Smith Flett Copleymedaljen: George William Hill Davymedaljen: James Dewar Hughesmedaljen: Richard Glazebrook Nobelpriser: Fysikk: Guglielmo Marconi og Ferdinand Braun Kjemi: Wilhelm Ostwald Fysiologi/medisin: Theodor Kocher Wollastonmedaljen: Horace Bolingbroke Woodward

Fødde 5. januar - Stephen Cole Kleene, amerikansk matematikar (død ). 22. mars - Nathan Rosen, israelsk fysikar (død . 13. april - Stanislaw Marcin Ulam, polsk matematikar (død ). 22. april - Rita Levi-Montalcini, italiensk biolog, nobelprisvinnar . 7. mai - Edwin Land, amerikansk oppfinnar og grunnleggjar av Polaroid (død ). 4. august - Saunders MacLane, amerikansk matematikar (død ). 24. november - Gerhard Gentzen, tysk matematikar (død ). Giulio Racah, israelsk matematikar og fysikar (død ).

Døde 8. januar - Harry Govier Seeley, britisk paleontolog, mottakar av Lyellmedaljen (fødd ). 12. januar - Hermann Minkowski, tysk matematikar (fødd ). 11. juli - Simon Newcomb, canadisk astronom og matematikar (fødd ). 27. august - Emil Christian Hansen, dansk mykolog (fødd ).