Vitskapsåret 1700 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1700.
Hendingar Det prøyssiske vitskapsakademiet vart grunnlagt med Gottfried Wilhelm Leibniz som formann. Joseph dei Tournefort publiserte sitt botaniske verk Institutiones rei herbariae, der han var ein av dei første til å gjere ein distinksjon mellom art og slekt. Bernardino Ramazzini gav eit systematisk studium av koplingar mellom smerte og sysselsetting i sitt verk De Morbis Artificum Diatriba, til dømes vart helsefarar handsama med kjemikalier, kunstige arbeidsstillingar og repetitive og kraftige rørsler.
Fødde 8. februar - Daniel Bernoulli (død 1782), sveitsisk matematikar. 7. mai - Gerard van Swieten (død 1772), austerriksk lege. 10. juni - Edward Georg von Kleist (død 1748), tysk fysikar. 20. juli - Henri-Louis Duhamel du Monceau (død 1782), fransk naturforskar. 19. november - Jean-Antoine Nollet (død 1770), fransk fysikar 28. november - Nathaniel Bliss (død 1764), engelsk astronom. William Braikenridge (død 1762), matematikar. Samuel Mikovíny (død 1750), ungarsk matematikar og ingeniør.
Døde 17. mai - Adam Adamandy Kochański (fødd 1631), polsk matematikar. 22. mai - Louis Jolliet (fødd 1645), fransk-canadisk oppdagar. 1. juni - Willem ten Rhijne (fødd 1647), nederlandsk botanikar. Kamalakara (fødd 1616), indisk astronom og matematikar. John Worlidge (fødd 1640), britisk jordbruksforskar.