Piz Lunghin (2780 moh) er eit fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Det ligg i Albulafjella oppfor Malojapasset. Fjellet kan reknast som «taket i Europa», sidan vatn som renn av fjellet kan nå både Atlanterhavet, Middelhavet og Svartehavet.

Geografi og hydrografi Piz Lunghin ligg i den øvre enden av dalane Engadin (aust) og Bregaglia (vest). Malojapasset, mellom dei to dalane, ligg 2 km søraust for toppen. Nordsida av fjelelt ligg i det verna området Parc Ela.

mini|venstre|Lunghinpasset

Det kjende triple vasskiljet, som ligg berre 600 meter frå sjølve toppen, ved Lunghinpasset, på 2645 moh (). Nordvestsida er starten på ei elv som endar i Gelgia, ei sideelv til Albula, som igjen renn ut i Rhinen. Frå sørvestsida renn vatnet ut i Mera i Val Bregaglia, ei sideelv til Po. Inn spring ut frå Lägh dal Lunghin nedanfor toppen, aust for passet. Inn er ei sideelv til Donau.

Rhinen munnar ut i Nordsjøen 740 km mot nord. Po munnar ut i Adriahavet 275 km mot sør. Donau munnar ut i Svartehavet 1560 km mot aust.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Lunghin» frå , den 12. februar 2012.

Bakgrunnsstoff Piz Lunghin på summitpost.org

Lunghin Lunghin Lunghin