Vogelberg er eit 3 218 moh. høgt fjell i Dei lepontinske Alpane, på grensa mellom kantonane Ticino og Graubünden. Det er den høgaste toppen i Dei lepontinske Alpane sør for Rheinwaldhorn. Vogelberg er eit stort bredekt massiv med fleire mindre toppar: Pizzo Cramorino (3 134 moh.) på vestsida og Rheinquellhorn (3 200 moh.) på austsida. På nordsida ligg Paradiesbreen som er kjelda til Hinterrhein. Sørsida ligg oppfor dalen Malvaglia (Ticino) og er brattare og utan brear.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vogelberg» frå , den 12. februar 2012.

Bakgrunnsstoff Vogelberg på Hikr.org

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Ticino Kategori:Fjell i Graubünden