Richard von Mises () var ein austerriksk-amerikansk matematikar og bror av Ludwig von Mises.

Han var professor ved universiteta i Strasbourg og Dresden og direktør for instituttet for bruksmatematikk i Berlin frå 1920 til 1933. Han vart så professor i matematikk i Istanbul frå 1933 til 1939 og seinare professor i aerodynamikk og bruksmatematikk ved Harvard i USA. Han arbeidde mykje med hydrodynamikk, statistikk og sannsynsrekning. I bøkene sine Wahrscheinlichkeit, Statistik und Wahrheit (1923) og Wahrscheinlichkeitsrechnung (1931) sette han fram ein frekvensteori for sannsynsomgrepet som har vore særs omstridd.

Kjelder Richard von Mises. (2012-02-09) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Richard_von_Mises

Kategori:Folk frå Lviv Kategori:Austerrikske jødar Kategori:Austerrikske matematikarar Kategori:Austerrikske fysikarar Kategori:Austerriksk adel Kategori:Matematikarar på 1900-talet