Republikken Filippinane er ein øynasjon i Søraust-Asia. Landet består av 7 641 øyar og ligg i Stillehavet. Hovudstaden Manila ligg på den største øya, Luzon.

Landet var spansk koloni frå 1521 til 1898, og deretter kontrollert av USA til 1946. Dette var etter den filippinsk-amerikanske krigen. Det er saman med Aust-Timor og Sør-Korea eit av dei tre asiatiske landa som har kristendom som dominerande religion. Saman med den amerikanske innverknaden har dette gjort Filippinane til eit av dei mest vestlegorienterte landa i Asia.

Fakta Folkesetnaden si middellivslengd: 69,3 år Spedbarnsdødelegheit:25 pr. 1000 Religion: Kristendom (romersk-katolsk 83 %, protestantisk 9 %), islam 5 %.

mini|260px|Kart over Filippinane

Klima Sjølv om Sørkinahavet og Filippinarhavet er varme hav vert likevel Filippinane påverka av den asiatiske monsunen. Medan Mindanao og dei sørlege Filippinane har høge temperaturar året rundt, kan Luzon, inkludert Manila, få noko kjøligare netter frå november til mars. Vinternettene i Luzon går innimellom under 15 °C sjølv ved havnivå. Tyfonar i det nordvestlege Stillehavet råkar ofte øygruppa og gjer at perioden juli til september er den våtaste i løpet av året. Filippane har etter måten tørre forhold om vinteren, men dei austlege og nordlege områda av øygruppa kan få ein del regnbyer. Manilla har ein årleg nedbørsnormal på 2042 mm.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisielle vevsider www.gov.ph - Regjeringsportal www.op.gov.ph - Presidenten sitt kontor www.supremecourt.gov.ph - Supreme Court www.wowphilippines.com.ph - Department of Tourism

Nyhende-vevsider Philippine Daily Inquirer and GMA News ABS-CBN News The Manila Bulletin Online The Manila Times Online News from the Philippines Malaya Philippine Center for Investigative Journalism The Filipino Reporter Online

Andre vevsider

The Filipino Solidarity Project Non-profit non-commercial site devoted to fostering historical, political, cultural and social awareness CIA World Factbook - Philippines Alleba.com - WWW Virtual Library of the Philippines

Kategori:Land i Asia

Kategori:Tidlegare spanske koloniar