mini|Store kveiter fanga i Alaska.

Hald, hall, haill eller vadhald er eit nordnorsk omgrep for god fiskelukke som skal koma av å ha hatt eit nyleg samleie. Ordet «hald» kan frå norrønt visa til å ha tak eller drag på noko. Det var opphavleg berre knytt til kveitefiske.

Motsett kan dårleg fiskelukka forklarast med at ein manglar eller har dårleg hald. Arthur Brox rapporterer frå Ytre Senja at dårleg fiskelukke, som at ein fekk skate (ufisk) i staden for kveite på kroken, kunne skuldast på at ein hadde fått dårleg hald frå kona eller kjærasten.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Fikk rekordlaks etter haill på bryllupsnatta, Finnmark dagblad, 26/7-2004. Kveithaill , Kveita.com «Da presten ikke hadde haill» i A. Brox, Folkeminne frå ytre Senja, Universitetsforlaget, 1970. Kategori:Fiske Kategori:Norsk kystkultur Kategori:Nordnorsk kultur Kategori:Seksualitet Kategori:Uttrykk